|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Sogn og Fjordane: Statens forsøksstasjon for frukt på Njøs | Planteforsk på Njøs. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
I 1919 løyvde Staten midlar til innkjøp av ein høveleg Vestlands-gard der ein kunne drive forsking og utvikling av fruktsortar. Valet fall på ein gard på Njøs ved Hermansverk, etter at Landbruksdepartementet hadde vurdert 19 ulike alternativ frå Ryfylke til Nordfjord. Publisert 19.12.2002 10:20. Oppdatert 17.06.2003 15:37.LYD OG VIDEO
Då Staten overtok, var fire dekar av garden tilplanta med ein gamal frukthage. I 1922 vart også grannegarden (Nagelgarden) kjøpt til føremålet. Her var det planta 600 frukttre. Til saman fekk forsøksgarden no 70 dekar innmark.
Seinare vart også andre gardar leigde, og statseigedomen "Fylkesmanngarden" på Systrond vart teken i bruk som forsøksareal for forskingsgarden på Njøs.
Per Stedje (1884-1944) vart tilsett som leiar på forsøkgarden og sat i stillinga til han døydde 1944, då Erling Kvåle overtok til 1966.
Forsøksgarden driv forsking og utvikling av nye frukt og bærsortar, og har gjort viktige framsteg i utvikling av meir intensive dyrkingsmetodar og lagringsmetodar for frukt.
I 1992 vart forsøksgarden på Njøs lagt under Ullensvang forskingsstasjon i Hardanger. I 2006 vedtok styret i Bioforsk at forskingsstasjonen på Njøs skal leggjast ned.
| Eplehage ved Planteforsk på Njøs. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|