SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Leikanger:

Vegar i Leikanger

Leikanger fekk vegutløysing til Sogndal i 1937, etter at det hadde vore reist krav om vegsamband austover sidan 1910. Vegen var broten fram til Slinde frå austsida i 1933, og i 1935 vart det sett inn 50 mann på dei siste kilometrane framom det stupbratte Fatlaberget.

Publisert 02.01.2003 11:00. Oppdatert 03.10.2006 20:15.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
På opningsdagen var det stor folkefest på Hermansverk. 22 bilar køyrde i kortesje frå Sogndal til Hermansverk, og tilbake til Hofslund hotell i Sogndal med festmiddag for 150 gjester.

Rasfarleg veg

Vegen framover Fatlaberget har vore ein av dei mest rasfarlege riksvegstrekningane i Sogn og Fjordane, og fleire gonger har det vore nære-på-hendingar. (Sjå video). Også i Stedjeberget mellom Fardal og Sogndal har det gått fleire store ras. I mai 2007 opnar ein 2100 meter lang tunnel gjennom Stedjeberget, og hausten 2008 skal ein 2300 meter lang tunnel gjennom Fatlaberget vere ferdig. Rassikringa med tunnelar, bruer og nye vegar kostar til saman vel 330 millionar kroner. Men den rasfarlege vegen under Fatlaberget kosta menneskeliv før den vart lagd i tunnel: I oktober 2007 omkom ei kvinne då ein stein råka bilen hennar.

Veg til Grinde

Den gamle vegen frå Leikanger til Grinde gjekk over Valbrekka. Før nyevegen til Grinde vart ferdig langs strand i 1949, måtte biltrafikken til og frå ferjeleiet på Grinde (sjå: Ferdsla på fjorden i Leikanger) gå over den smale og bratte vegen.

Gaularfjellsvegen

opna i 1938, og ferjesambandet Grinde-Vetlefjorden gjekk frå 1939 til 1951. Då vart vegen frå Vetlefjorden til Balestrand opna, og ferjestrekninga vart då Grinde-Balestrand.
I 1956 vart vegen frå Leikanger til det nye ferjeleiet på Hella opna, og ferjestrekninga vart korta ned til Hella-Dragsvik. Vegen ut til Hella hadde vore under bygging sidan 1937.

Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane

med hovudkontor for Sogn og Fjordane og Region Vest på Hermansverk.

MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no