SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Leikanger:

Hanehaug

Hanehaug. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Hanehaug. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Hanehaug er neset der kaia på Leikanger ligg i i dag. Her var det skysstasjon (sjå: Ferdsla på fjorden i Leikanger) og truleg også gjestgiveri frå midten av 1600-talet.

Publisert 02.01.2003 10:26. Oppdatert 26.08.2004 11:13.
Den første kjende gjestgjevaren var Jon Tomasson Fosse (1718-1769). Då han døydde, vart enkja Kari gift opp att med Gjert Nilsson Falk. Etter nokre år gav dei seg med gjestgiveriet på Hanehaug og flytta til Balestrand.
Så overtok bror til Jon Fosse, Tomas Fosse (1731-1785). Etter han var det truleg Eirik Oddmundson Njøs (1755-1821) som var gjestgjevar på Hanehaug, og deretter Sylfest Mikkelson Barsnes (1802-1844) som kom frå Sogndal.

Herman Brun startar handel på Hanehaug

Etter Sylfest Barsnes kom den kjende handelsmannen frå "Hermansverk", Herman Brun, og tok over både handel og gjestgiveri på Hanehaug. Om dette var frå 1833, då han slo seg til på Hermansverk, eller noko seinare, er ukjent. (Dette kan ha vore frå då Sylfest Barsnes døydde i 1844).
Med unntak av tida frå 1851 til 1860 då eldste sonen Hans Johannes Brun overtok, dreiv Herman Brun sjølv forretningane sine på Hermansverk og Hanehaug til han døydde i 1865. Deretter tok enkja Engel Brun over både på Hanehaug og Hermansverk og dreiv saman med den ugifte dottera Marie til ho sjølv døydde i 1881.

Hermansverk totalskadd av brann

I 1876 vart Brun-anlegget på Hermansverk totalskadd av brann. Elden hadde starta i eit bakeri midt på natta. Både krambua, bakeriet, våningshuset, drengestova, stabburet og sjøbua brann ned til grunnen. Engel Brun fekk skattefritak slik at ho kunne makte og gjenreise handelsstaden.

Lokalt handelslag tek over etter Brun

Då mora Engel var borte, tok ein yngre son i syskenflokken, Johan Herman Brun, over alle eigedomane på Hermansverk og Hanehaug.
Medan svigersonen til broren Hans Johannes Brun, Peter Johan Fretheim, fekk overta eigedomane på Hermansverk i 1884, dreiv Johan Herman Brun sjølv på Hanehaug til han gjekk konkurs i 1893. Frå 1893 var det Leikanger Handelsforening som dreiv handelen på Hanehaug i nokre år.

Gjestgiveriet på Hanehaug vert hotell

Fram til han gjekk konkurs i 1893, var det Herman og Engel Brun sin nest eldste son - Johan Herman Brun - som eigde gjestgiveriet på Hanehaug.

Leikanger Handelsforening

Etter at Brun-tida var ute på Hanehaug i 1893, tok eit bygdeeigd aksjelag - Leikanger Handelsforening - over eigedomane og dreiv forretninga der.

Knut Jordal - kjøpmann og hermetikk-disponent

Knut Jordal skulle spele ein viktig rolle i utviklinga på Hanehaug i åra som fylgde: I tillegg til å drive vanleg landhandel dreiv han også som dampskipsekspeditør.

Jordal Eftf.

Forretninga til Knut Jordal vart seinare overteken av svigersonen Edvard Eri og driven som Jordal Eftf.

MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no