SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Leikanger:

Sognefjord Sardine Co. A/S

Sognefjord Sardine Co. A/S på Leikanger vart bygt i 1908 av Stavanger-firmaet Concord Canning Co. ved eigaren Endre Grønnestad.

Publisert 02.01.2003 10:44. Oppdatert 14.02.2003 09:00.
Grønnestad var på den tida ein av dei store i bransjen, og eigde fleire hermetikkfabrikkar langs kysten. Han fekk også med seg ein del lokale aksjeeigarar. Mellom desse var bakar og hotelleigar Jan Gjøvåg Olsen (sjå Olsens Hotell) og Knut Jordal - kjøpmann og hermetikk-disponent.

På Hanehaug kjøpte firmaet bygningane til tidlegare Leikanger Meieri til hermetikkfabrikk. Bygget vart mykje utvida i 1919.

Sognefjorden Sardine Co. vart ein av 12 større hermetikkfabrikkar som var i drift i Sogn og Fjordane. Den var dimensjonert for at 150 arbeidarar kunne vere sysselsett i brislingsesongen, men kom aldri opp i meir enn det halve.

I midtre Sogn vart Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen) og Fjærland Preserving L/L bygt: Desse hermetikkfabrikkane gjorde seg først og fremst nytte av det rike brislingsfisket i Sognefjorden.

Sardinar til eksport

Ein sentral mann i arbeidet for å få starta fabrikken på Leikanger var kjøpmann Knut Jordal som dreiv handel på Leikanger. Han vart også disponent på hermetikkfabriken. Fabrikken på Leikanger produserte for det meste sardinane med morselskapet Concord Canning sine etikettar, men med eige firmanamn under. Merkenamna var "Crown Jewel", "Dollar Princess", "Fritjof", "Anchor flirt", "Life Buoy" og "Cricket". Produktmerka med engelsk tekst syner tydeleg at det meste av produksjonen gjekk til eksport. Mellom notlaga som leverte brisling til fabrikken var fleire frå Leikanger.

Økonomiske problem og nedlegging

I 1928 fekk selskapet økonomiske problem. Hermetikkproduksjonen vart stoppa og fabrikkbygget selt i 1932. På grunn av at "konkurrenten" H.M. Knutsens Preserving på Hermansverk brann dette året, vart hermetikkfabrikken på Leikanger leigd av dei i brislingsesongen i 1932. Mellom 1936 og 1940 leigde Systrond Smørlag lagerlokale i fabrikken.

Frå 1945 nytta ingeniør Erling Engesæther ein kort periode fabrikken for nedlegging av brisling og ål. Fabrikken vart stengt av næringsmiddeltilsynet, og Engesæther førte gjennom fleire år ein prosses for domstolane med krav om å få starte fabrikken att, utan å vinne fram.

Samvirkelagsbygg på tomta

I 1951 kjøpte møbelfabrikant Kristian Knutsen frå Hermansverk dei gamle fabrikkbygningane, men selde dei seinare til Leikanger kommune - sjå: Kristian Knutsen - møbelfabrikk.
Systrond Samvirkelag - frå 1965 innlemma i nyskipa i Sogn Samvirkelag - dreiv forretning på naboeigedomen i tidlegare Jordal Eftf. sine lokale. Dei såg seg rundt etter ny tomt for utviding.
I 1972 gjorde dei difor eit makebyte med Leikanger kommune: Mot at kommunen fekk overta gamlebutikken og den verdfulle kai-eigedomen, fekk samvirkelaget overta hermetikkfabrikk-tomta. Der bygde S-laget eit to-etasjes forretningsbygg i 1974.

MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no