Denne hadde stopp m.a. på dei mellomliggjande skysstasjonane i Flesje ved Balestrand og på Hanehaug, der det første offisielle postopneriet vart skipa i 1841 med landhandlar
Herman Brun som styrar.
Fram til 1886 vart postadressa skriven ”Leganger i Sogn”, frå 1886 ”Lekanger”, og frå 1889 har det vore ”Leikanger”.
I 1973 vart Leikanger underpostkontor, og frå 1977 postkontor C. Postkontoret på Hanehaug vart lagt ned i 1997, men frå same tid bytte postkontoret på Hermansverk namn til Leikanger.
Hermansverk
fekk eige postopneri i 1904 med gardbrukar Bottolf K. Hermansværk som første styrar.
Truleg vart namnet på kontoret endra til Hermannsverk like etter endringa av rettskrivingsreglane i 1918.
I 1973 endra kontoret status til underpostkontor og i 1974 til såkalla postkontor B. Så vart det postkontor C i 1979. Postkontoret endra namn til ”Leikanger” i 1997, samstundes med at postkonoret på Hanehaug/Leikanger vart lagt ned.
I 2001 vart Hermansverk lagt ned som eige postkontor og posttenesta overført til såkalla post-i-butikk ved KIWI-butikken på Hermansverk (sjå
Kristoffer Kristofferson Aarskog).
Eitorn
fekk brevhus i 1905 med Ole H. Eithungjerde som første poststyrar. I 1907 vart brevhuset omgjort til postopneri, og i 1965 lagt ned og innordna under Leikanger.