SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Historia til polititenesta i Sogn og Fjordane

Lensmannsordninga

Ordenstenesta på landsbygda i Noreg har tradisjonar heilt tilbake til 1200-talet, då det i 1293 kom påbod om at "forstandige bønder av god ætt" skulle peikast ut som lensmenn kringom i bygdene.

Publisert 14.01.2003 13:15. Oppdatert 25.04.2003 12:19.
I dansketida vart det futen (fogden) som vart øvste ordensmakt, og han hadde såkalla "bondelensmenn" som handgangne menn i bygdene. Men sjølv om han var tilsett av futen, måtte bygdetinget godkjenne utnemninga. Dette gjorde at lensmannen kom i ei dobbeltstilling som sendemann for futen, samstundes som han kunne vere talsmann for
ålmenta oppover i systemet. Løn fekk han som part av bøter og gods som vart inndrege frå dei som hadde brote lova.

Futane vert overordna lensmennene

Frå innføringa av eineveldet i 1662 vart lensmennene tilsette av futen, og fekk fast godtgjering for tenesta. Ved innføring av formannskapslovene og det lokale folkestyret i 1837 vart det fåfengt reist krav om at kommunestyra skulle tilsetje lensmenn. Først ved ei "lensmannslov" i 1884 fekk kommunestyre lov til å nominere kandidatar til stillingane, medan futane heldt på tilsetjingsmynde heilt fram til ordninga med futar vart avvikla ved lov i 1894.

Sjå elles om den spesielle ordninga med magistrat i Florø under Fjordane Politikammer.

Frå futestyre til politikammer

Avviklinga av futane som statleg forvaltningsledd omfatta ikkje berre lensmannen, men også m.a. at viktige oppgåver vart overførte til sorenskrivarkontora. Slike store omveltingar kravde overgangsordningar, noko som gjorde at dei to futane i Fjordane og i Sogn (sjå: Futegarden Bruland og: Futegarden Askelund) sat i embeta til 1898. Då vart politiansvaret i dei to tidlegare fogderia overført til to nyoppretta politimeisterstillingar for Sogn, med bustad i Vik, og for Fjordane med bustad i Florø.

Les også historia til:
· Fjordane Politikammer
· Sogn Politikammer


Intermesso med landsdelspolitimeistrar

På slutten av 1980-talet vart den regionale polititenesta også sett inn eit nivå som "landsdelpolitimeister". Desse skulle m.a. ha koordineringsansvar for t.d. redningsoperasjonar som involverte fleire politidistrikt.
På Vestlandet sorterte politikammera i Fjordane, Sogn, Hordaland, Bergen og Haugesund under landsdelpolitimeisteren i Bergen i slike saker som omfatta fleire distrikt. Ordninga vart avvikla i 2001.

Hovudside:
· Sogn og Fjordane politidistrikt



MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no