Frå 1919 og fram til 1935 hadde politimeisteren kontor og bustad i Vik. Då Finn Dahlin vart tilsett i 1935, flytta kontoret til Leikanger. Første åra heldt
|
"Njord" var den første og einaste politibåten i Sogn - her med båtførar Ingebrigt Henjesand i 1948. |
politikammeret til i det gamle hotellet (sjå
Leikvang Hotell) på Hermansverk, men flytta i 1939 inn i det nybygde Tinghus I på Systrond. Dei siste åra i Leikanger hadde politikammeret tilhald i eit privat kontorbygg på Hermansverk.
I 2000 vart Sogn Politikammer flytta frå Leikanger til Sogndal, der det heldt til fram til det vart nedlagt og samordna under det nye
Sogn og Fjordane politidistrikt frå årsskiftet 2001/2002.
Sogndal Politistasjon
- etter omorganiseringa til Sogn og Fjordane politidistrikt i 2002, er Sogndal Politistasjon tildelt viktige ansvarsfelt som etterretning, kriminalteknikk, beredskap og trafikk.
Politimeistrar i Sogn har vore:
1898-1911 August O. Aaset
1911-1919
Ingebrikt O. Asheim
1919-1935 Harald Johan Risnes
1935-1946
Finn Dahlin
1946-1963 Odd Solberg
1963-1970 Erling Amundsrud
1970-1982 Anders Hove
1982-1987 Oluf Chr. Sundt
|
August O. Aaset. |
1987-1996 Bjørn Valvik
1996-2001
Kjell Ese
|
Bjørn Valvik. |
|
Kjell Ese. |