Omtalane er ordna etter oppstartår.
Ved Kleppa, omlag 500 meter nordvest for kyrkja på Leikanger, ligg eit gamalt hellebrot. Mykje tyder på at dette er den eldste "industriverksemda" i midtre Sogn.
På 1800-talet var det båtbyggeri på Henjasanden. Her vart det bygt ei mengd sognejekter, og på denne tida var det mange strandsitjarar som livnærte seg som båtbyggjarar.
Bakar Olsen
Jan Gjøvåg Olsen starta som bakar på Hanehaug i 1882 - og vart seinare eigar av
Olsens Hotell.
Fabrikken låg ved Henjaelvi, og var i sine beste år ei av dei største industriverksemdene i kommunen. Verksemda starta med ei tøystampe og eit lite fargeri i 1896.
Norges Vel tilsette meierimeistrar. På Vestlandet kom den første i 1881, og frå 1893 budde meierimeister Kristian Ihlen på Leikanger. Han organiserte lokale meierilag og planla mange av dei nye meieria.
Halvard Drægni var ein av dei store pionerane i norsk saft- og syltetøyproduksjon. Han bygde ein av dei største konservesfabrikkane i landet for slik produksjon på Hermansverk.
Bygt i 1908 av Stavanger-firmaet Concord Canning Co. ved eigaren Endre Grønnestad.
- starta i 1919. Verksemda henta fagfolk frå fleire kantar av landet som skulle leie arbeidet og lære systrendingane å byggje skip.
Knudsen Minderalvandfabrik
- sjå
Knutsen-familien som kjøpmenn og industrifolk.
I 1922 bygde Per Klingenberg Knutsen hermetikkfabrikken som faren hadde starta, mykje ut.
Sigurd Høyum starta kring 1. verdskrig tønnefabrikk på Leikanger. Omlag samstundes dreiv også Anders Molland og Ola Eggum tønnefabrikkar ved Strandavegen på Leikanger.
Kristian Knutsen starta i 1923 møbelfabrikk på Hermansverk. Hovudprodukta var dører, vindauge og likkister.
Ingvald Husabø starta i 1930 trykkeri på Leikanger, etter at han i fire år hadde drive trykkeri i Vik. Husabøfamilien eig i år 2002 alle aksjane i prenteverket og 87 prosent av aksjane i Sogn Avis.
Olav J. Husebø Møbelfabrikk
på Leikanger vart starta i mellomkrigstida av Olav J. Husabø. Den heldt til i enden av Strandavegen, produserte dører, vindauge og likkister, og hadde 3-4 mann i arbeid. Verksemda vart lagt ned tidleg på 1960-talet.
Lars Rise
starta sagbruk og kassefabrikk på Leikanger kring 1932. Bygget vart sterkt skada då det nærmast bles på fjorden i ein storm i ei julehelg under krigen, men vart bygt opp att. Rise dreiv saga til kring 1950. Han arbeidde samstundes som kommunekasserar.
Aarskog Bakeri og Konditori AS
i 1934 - sjå
Kristoffer Kristofferson Aarskog.
Fjord Garden AS
- sjå
Vangsnes Fiskematfabrikk starta i 1938.
Starta i 1938 av Johannes Vangsnes. I tillegg til fiskematproduksjon, dreiv verksemda med salting og røyking av sild og fisk, og hadde eigne fiskebilruter i indre Sogn.
vart starta på Leikanger i 1946 av Einar Hauge og Håkon Hamre.
Hamre & Hamre
Georg og John Hamre starta i 1947 kassefabrikk og sag på Leikanger under firmanamn Hamre & Hamre. Verksemda låg like ved fruktlageret, og gjekk på folkemunne for "Hamre-saga". Ved sida av fruktkasseproduksjonen, dreiv dei leigeskjæring av tømmer, og hadde fem tilsette i sesongen. Saga var i drift til kring 1980.
Jacob Sætre overtok fabrikklokale på Hermansverk og bytte namn til "Hermetikkfabrikken Viking A/S". Den vart driven til fram på 1960-talet.
Bygt i 1960. Eit av dei største fruktlagra i Sogn.
Bergensmeieriet
- sjå artikkelen
Drægni AS.
Bergens & Drægni Produkter AS
skipa 1978 - sjå artikkelen
Drægni AS.
Lerums Saftfabrikk AS
- sjå artikkelen
Drægni AS.
Setjefiskanlegg skipa ved Hermansverk i 1984 med lokale aksjonærar.
Edelsmolt AS
- sjå
Sygna Aquakultur AS.
vart starta på Leikanger i 1984 av Norvald Øy frå Jostedal og Nils Olav Langeteig frå Leikanger.