I alt 27 personar frå noverande Bremanger kommune fall i krigsteneste eller døydde av krigshandlingar. Ingen kommune i Sogn og Fjordane hadde så mange krigsoffer under 2. verdskrig som Bremanger.
Johan Friis (1921-1939).
Var smørar ombord i M/S "Ronda" som krigsforliste i september 1939.
Erling Myrhlie (1916-1940).
Var fødd i Oslo, men voks opp på Davik som fosterbarn. Omkom då M/B "Miranda" vart torpedert i Nordsjøen i januar 1940.
Olai Kristoffersen Steinset (1909-1940).
Omkom i januar 1940 då D/S "Telnes" kom bort på veg frå New York til Rotterdam og Antwerpen.
|
Erling Julin Olsen på flyskulen på Kjeller. Han døydde etter å ha blitt såra i luftkamp over England. |
Erling Julin Oskarsson Olsen (1913-1941).
Flygar som vart såra under luftkamp over London i august 1941. Naudlanda, men døydde seinare av skadane. Erling Julin Olsen var leiar for Svelgen Turn og Idrettsforening, og tok flygarutdanning på Kjeller. Rømde til England i 1941 og øvde i nattflyging då han vart skoten ned. STIF reiste i 1946 ein minnestein over Erling Julin Olsen i Svelgen.
Malvin Sverinsson Aannevik (1903-1942).
Omkom då det svenske skipet M/S "Yngaren" vart torpedert i Nord-Atlanteren i januar 1942 på veg frå Halifax til England.
Joar Olivarsson Igland (1917-1942).
Gjekk inn i Marinen og var med under raidet mot Svalbard. Omkom då M/T "Kongsgaard" vart torpedert utanfor Curacao i februar 1942.
Arne Oskar Karlsson Grotle (1921-1942).
Var stuert ombord på minesveiparen "Harstad" som vart senka i Den engelske kanalen i februar 1942.
Petter Johan Eliasson Mulelid (1911-1942).
Kom bort under krigsforlis med den Panama-registrerte S/S "Equipoise" i mars 1942.
Ingvald Elias Bøen (1903-1942).
Var saman med Sigvald Kristian Høiland (sjå denne) mellom nordmennene som vart evakuerte frå Svalbard i 1941. Gjekk inn i den britiske hæren og vart stasjonert i Skottland. Begge omkom under ein ekspedisjon til Svalbard då skipet vart bomba av tyske fly i mai 1942.
Sigvald Kristian Høiland (1923-1942).
Var saman med Ingvald Elias Bøen (sjå denne) mellom nordmenn som vart evakuerte frå Svalbard i 1941. Gjekk inn i den britiske hæren og vart stasjonert i Skottland. Begge omkom under ein ekspedisjon til Svalbard då skipet vart bomba av tyske fly i mai 1942.
Jostein Lofnes (1918-1942).
Rømde til England i 1941 saman med Hilmar Haug (sjå denne) og tok seg hyre i handelsflåten. Begge omkom då D/S "Leikanger" vart torpedert på veg frå Cape Town til Trinidad i juli 1942.
Hilmar Haug (1923-1942).
Rømde til England i 1941 saman med Jostein Lofnes (sjå denne) og tok seg hyre i handelsflåten. Begge omkom då D/S "Leikanger" vart torpedert på veg frå Cape Town til Trinidad i juli 1942.
Alf Olafsson Aronsen (1914-1942).
Var med i kampane ved Voss 1940. Tenestegjorde seinare som kanonskyttar på S/S "Iddefjord", deretter D/S "Selbo". Omkom då skipet han sigla med vart torpedert utanfor vestkysten av Afrika i november 1942.
Bård Olav Henriksson Grotle (1917-1942)
frå Grotle. Rømde til Shetland og vart medlem av Kompani Linge, der han kom inn i "Shetlandsgjengen" og vart sjef på skøyta "Aksel". Han utførte 10 turar over Nordsjøen med våpen og agentar før "Aksel" krigsforliste på veg tilbake frå Noreg til Shetland i desember 1942. Vart høgt dekorert for krigsinnsatsen post mortem.
Harald Leif Grotle (1918-1943).
Tenestegjorde i Marinen og vart Asdic-operatør på marinefartyet "Bodø" frå 1941. Omkom då "Bodø" krigsforliste på tilbaketur til Skottland etter oppdrag i Noreg januar 1943. Fekk Krigsmedaljen med stjerne post mortem.
Ola Grotle (1915-1943).
Deltok i kampane i Noreg 1940 før han rømde til England og vart medlem av Kompani Linge. Kom med i Shetlandsgjengen og vart sjef for M/K "Igland". Med denne gjorde han seks turar over til Noreg med agentar og for å hente rømlingar. Grotle gjorde deretter to turar med M/K "Blia" og sju turar med M/S "Feiøy". Under Måløyraidet i jula 1942 var han los for den engelske krigsflåten. I januar 1943 var han på oppdrag med M/S "Feiøy" då båten kom bort. Tildelt Krigsmedaljen med stjerne post mortem. (sjå også Johan J. Klungreset)
Johan Jørgensson Klungreset (1916-1943).
Rømde til England og vart medlem av Kompani Linge. Deltok i mange turar med agentar og rømlingar over Nordsjøen, og var mannskap ombord på M/S "Feiøy" då den kom bort under eit hemmeleg krigsoppdrag i Noreg i januar 1943. (sjå også Ole M. Grotle.)
Arthur Johan Hauge (1921-1943).
Tenstegjorde i Marinen på "Rose", "Sleipner" og "Tunsberg Castle" og hadde seinare teneste i land. Han vart sjuk og døydde på sjukehus i England i desember 1943.
Dagfinn Odinsson Frøyen (1920-1944)
Tenestegjorde i Marinen som matros på D/S "Baldwin". Han vart sjuk og døydde i South Shields i England.
Jon Olderø (1912-1943).
Kom bort saman med Harald Svortevik (sjå denne) på røming til Shetland i ei snekke i januar 1943.
Harald Svortevik (1916-1943).
Kom bort saman med Jon Olderø (sjå denne) på røming til Shetland i ei snekke i januar 1943.
Rasmus R. Nyvoll (1909-1944).
Var emigrert til Canada, og som kanadisk soldat fall han i kampane i Italia i mai 1944.
Olai Leirgulen (1918-1946),
som reiste til England i 1941 og gjorde teneste i den norske Marinen, døydde i desember 1946 som fylgje av krigstenesta.
"Framnæs"
Omkomne Bremangerfolk ved bombinga av "Framnæs" i 1944 – sjå
Krigshistoria i Bremanger.