|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Jølster: Drapet på den forsmådde friaren Rasmus heitte ein smed som på 1600-talet kom over frå Jølster og slo seg ned på garden Tuftane i Fjærland. Heime var han lyst fredlaus etter å ha fått barn med ei jente utanom ekteskap. Publisert 16.01.2003 14:13. Oppdatert 14.04.2003 13:42.Men Rasmus hadde også eit godt auge til ei Jølstra-jente som heitte Kari Lunde. Då han fekk høyre at ein enkjemann som heitte Jon Garp var ute etter Kari som ny kone, reiste han over til Jølster for å fri. Men faren til Kari sette seg imot. Han hadde avgjort at ektemaken til Kari skulle verte Jon Garp.
TrulovingSå vart det stelt i stand til trulovingsgilde for Kari og Garp på Lunde, og presten kom til gards for å signe trulovinga. Men midt under gjestebodet dukka det opp ein ubeden gjest. Det var Rasmus smed. Men i staden for å kaste han på dør, vart han skjenkt dugeleg med øl.
KranglevorenUt på kvelden vart den godt drukne Rasmus kranglevoren og skulda Jon Garp for å ha stole Kari ifrå han. Broren til Kari, Frans Lunde, freista å løyse den pinlege floken i det stille. Frans fekk med seg Rasmus smed ut og baud han til å skysse han heim. For å kome dit måtte dei i robåt over vatnet.
Slegen over bordMidt ute på vatnet skapte Rasmus seg vill. Han skulle på død og liv tilbake til Lunde for å ta eit oppgjer med Jon Garp likevel. Det enda i slagsmål med både nevar og årar. Frans Lunde gav til slutt Rasmus smed eit så dugeleg slag over nakken at han fall over bord og vart borte. Skreppa til Rasmus for same vegen. Så rodde Frans heim til gjestebodsgarden på Lunde og let som ingenting hadde hendt.
RømdeEit par dagar seinare kom faren til Rasmus smed til Lunde for å leite etter sonen, men fekk ikkje noko svar på kva som hadde hendt. Men Frans Lunde merka nok at det tok til å brenne under føtene, for han tok røminga over Jostedalsbreen til Fjærland. Her gifta han seg med ei jordajente i Nedre Mundal.
RykteMen han slapp ikkje unna det som hadde skjedd på Jølstravatnet: Rykta i heimbygda gjekk, og Frans vart mistenkt for drap på Rasmus smed og stemd for retten. Her fortalde at han hadde fylgd Rasmus eit stykke på heimvegen, men ikkje sett noko til han sidan.
DømdFrans vart frikjend i første omgang, men oppførte seg i tida etter så underleg at han på nytt vart stemd for retten i 1653. No tilsto han drapet på Rasmus. Kva dom Frans Lunde fekk er ikkje kjent, men truleg vart han avretta på den kjende rettarstaden på Veganeset ved Dragsvik i Balestrand.
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|