SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Leikanger:

Olsens Hotell

Leikanger Fjord Hotel starta som Olsens hotell i 1902. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Leikanger Fjord Hotel starta som Olsens hotell i 1902. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Olsens Hotell på Hanehaug vart starta i 1902 av Jan Gjøvåg Olsen (1850-1920) frå Hordaland, men var tufta på det gamle gjestgiveriet som hadde vore drive ved den gamle skysstasjonen og handelsstaden på Hanehaug i lang tid.

Publisert 17.01.2003 11:59. Oppdatert 17.06.2003 16:26.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Meir om forhistoria til hotellet:
· Hanehaug



Hotell frå 1902

Jan Gjøvåg Olsen kom til Leikanger som bakar, og antan kjøpte eller leigde han gjestgiveriet frå Brun-familien frå 1883 og fram til han sjølv gjorde det om til hotell i 1902.

Spionar med attentatplanar mot keisaren

Det var på Olsens Hotell at det den 11. august 1911 small tre revolvarskot, og ein fann den mystiske Romania-fødde ingeniøren Louis Assmus, kona hans og hennar 12 år gamle son døde på eit gjesterom.
Ein teori går ut på at dei var dei komne til Sogn for å ta livet av keisar Wilhelm, og hadde mislukkast slik at dei tok sine eigne liv.

Bakar overtek

I 1920 kjøpte bakar Gustav Reinhard Lie frå Haugen i Eid og kona Cecilie hotellet. Det brann ned til grunnen i 1926. Nytt hotell stod ferdig i 1928 med 35 senger, og er den eldste fløyen på noverande hotellanlegg. Bakeriet med utsal fekk no plass på baksida av hotellet. Frå hotellbakeriet vart det i invasjonsdagane i april 1940 sendt brød til dei norske styrkane i Valdres.

Hotellutvidingar

I 1960 vart det bygt ny matsal og i 1962 ei lafta tømmerhytte mot sjøen der det var fem gjesterom. I 1965 overtok sonen Jomar Lie (sjå denne) hotelldrifta og bygde stor gjesteromsfløy med møtesalar i 1973. Etter utvidinga hadde hotellet 50 gjesterom.

Leikanger Fjord Hotell

Frå 1985 har sonen Jan Erik Lie drive hotellet. I 2003 heiter verksemda Leikanger Fjord Hotell.

Slik tek Leikanger Fjord hotell seg ut i 2003. (Foto: Arild Nybø, NRK)


MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no