Kring 1700 vert det nemnt at Kristian Torkildsen Been og kona Gjøa dreiv ein slags handel på Henjasanden, og nokre år seinare dreiv også Anders Ivarson Bjøstad og kona Sittona handel der.
Sittona hadde vore gift i tur og orden med fire menn som dreiv handel i Lundsvika på Tjugum i Balestrand før ho kom til Henjasanden - sjå:
Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen.
På Henjasanden var det også gjestgiveri. Midt på 1700-talet (uvisst kor lenge) dreiv Nicolai Christian Gierløw både gjestgiveri og handel på Henjasanden. Han var gift med ei enkje etter kremmaren i Feios, og dreiv også ei tid som kremmar og gjestgjevar i Holmen i Balestrand - sjå:
Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen.
I 1772 vart Gierløw lensmann, og selde i 1774 gjestgiveri og handel til Oddmund Njøs.
På 1760-talet dukka det også opp ein Johan Henrik Schumacher som dreiv handel på Henjasanden fram til han flytta til Stavanger i 1769. Schumacher var utdanna vevar i Neu-Brandenburg i Tyskland.
I 1801 budde det 178 personar på Henjasanden. På
Sogn folkemuseum er det teke vare på ei stove, løe og naust frå strandsitjarstaden på Henjasanden.
På 1800-talet var det også båtbyggeri på Henjasanden. Her vart det bygt ei mengd sognejekter, og på denne tida var det mange strandsitjarar som livnærte seg som båtbyggjarar.