SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Leikanger:

A/S Sogn Skibsbyggeri & Slip

Etter Fretheim-konkursen i 1897, overtok Elise Ohnstad - kalla Ohnstad-Lisa på folkemunne - ein del av strandeigedomen som Herman Brun hadde kjøpt langs stranda på Hermansverk, men det er uvisst om ho sjølv dreiv handel der.

Publisert 17.01.2003 12:18. Oppdatert 13.02.2003 15:36.
I 1918 gjorde broren til Per Klingenberg Knutsen, Alf Hess Knutsen (1891-1919), opptaket til å starte eit skipsbyggeri på denne tufta. Han fekk også med seg overrettsakførar Einar Langberg og skipsmeklar Halvdan M. Hansen som hovudinnbydarar då dei skipa aksjelag i 1918. Elles fekk Alf Hess Knutsen fleire kjende sogningar med som interessentar: Broren Per Klingenberg Knutsen, kjøpmennene Albert og Olav Knutsen, fabrikkeigar Halvard Drægni, godseigar Gjert Heiberg på Kaupanger og lensmann Anfinn Øen i Vik. Aksjekapitalen var på 200.000 kroner - svært mykje pengar på den tid. Det var tydeleg at dei satsa stort, for det var jobbetid i landet og bruk for tonnasje - trudde dei.

Fagfolk frå heile landet

Verksemda henta fagfolk frå fleire kantar av landet som skulle leie arbeidet og lære systrendingane å byggje skip. Det første året hadde verftet 48 personar på lønningslista. På Hermansverk disponerte slippen ei 10 dekar stor tomt og 85 meter strandline. Dei sysla den gongen også med planar om å byggje skip av betong (!), men dette vart ikkje noko av. I staden gjekk det fort unnabakke.

Økonomiske vanskar

Disponent Alf Hess Knutsen døydde berre 28 år gamal, og kort tid etter kom det nye skipsverftet i økonomiske vanskar. A/S Sogn Skibsbyggeri & Slip vart lagt ned i 1921. Sidan denne epoken har sjøtufta der det låg vorte kalla "Slippen" på folkemunne.

Landhandel på tomta

I 1925 kjøpte Nils P. Henjum og Per P. Husabø tomta og starta med landhandel under firmanamn Husabø & Henjum.
Eigedomen hadde også eiga dampskipskai. Husabø & Henjum hadde ei tid eige bakeri og dreiv engroshandel med frukt.
I 1962 overtok Systrond Samvirkelag forretninga. Det lokale samyrkelaget gjekk seinare inn i Sogn Samvirkelag, som i 2000 gjekk inn i Coop indre Vestland - sjå: Landhandlar i Årdal.

Hovudside:
· Industri-greina i familien Knutsen


MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no