|
I Aurland fekk kongen og dronninga sjå jubileumsspelet på torget der 10 år gamle Brede Tokvam hadde rolla som kong Sverre. Etterpå fekk Brede helse på den ekte kongen og dronninga. I bunad i midten på biletet står ordførar Ivar Bjarne Underdal. (Foto: NRK) |
Kong Oscar II
vitja Gudvangen i 1879. Kongen var då på ei rundreise på Vestlandet, og kom til Gudvangen frå Voss. Frå Gudvangen reiste han vidare til Fjærland, Leikanger og Lærdal.
Kong Haakon VII og dronning Maud
vitja Gudvangen i 1906 etter kroninga i Nidarosdomen. Dei nytta hurtigruteskipet D/S ”Mira” som ”kongeskip” og vitja også Loen, Olden, Måløy, Florø og Balestrand på veg sørover kysten. I Gudvangen ville dei kongelege reise med hesteskyss over til Voss, men måtte gjere vendereis p.g.a. uvér. Det nye kongeparet vitja og Flåm i 1914. Dei vart skyssa frå Myrdal jernbanestasjon i ein lang hestekaravane til Flåm, der dei tok panserkipet "Norge" ut Sognefjorden.
Kong Harald V
vitja Aurland i samband med opning av Lærdals-tunnelen 27. november 2000. Kongen og dronning Sonja vitja Aurland i samband med ei stor rundreise i Sogn i 2002 som elles omfatta Årdal, Vik, Balestrand, Hyllestad og Gulen.
Sjå
Kong Harald og dronning Sonja i Sogn juni 2002 - bilete, tekst, lyd og video frå Årdal, Aurland, Hyllestad, Balestrand, Vik og Gulen.
Dronning Sonja
vitja Aurland den 10. juni 2006 i samband med markeringa av at Nærøyfjorden er teken med på UNESCO si verdsarvliste.
Av utanlandske monarkar var det særleg
Keisar Wilhelm II
av Tyskland som vitja Gudvangen, første gong i 1889. Sidan var han i mange år gjest i bygda. Han budde på Stalheim Hotell under desse vitjingane.
Dronning Wilhelmina
av Nederland gjesta Gudvangen første gong i 1921. Ho vitja bygda fleire gonger seinare, sist saman med dottera, dronning Juliana, i 1955.