Grunnleggjaren var Mathias Larsen (1855-1912) frå Guddalen i Fjaler. Han hadde ei tid budd i Sogndal før han flytta til Hermansverk kring 1896, og starta ei tøystampe ved Henjaelvi. Litt lengre oppe ved elva hadde Hans N. Njøs starta ein liten verkstad for shoddyproduksjon.
Larsen Dampfarveri
Larsen kjøpte tomta med shoddy-verkstaden i 1910, og her bygde han fabrikk med fargeri, kraftstasjon og eit par bustadhus. Fabrikken kalla han Larsen Dampfarveri. Bygningstømmeret kjøpte han på Vangsnes, der det hadde vore brukt som stillas ved reisinga av statua av
Fridtjof den frøkne på Vangsnes. Maskinane i fabrikken vart drivne med drivreimer frå ein aksling under taket, slik det var vanleg på den tida. Fargeriet hadde kring 8 tilsette.
Larsen kom til skade i ein av maskinane i 1913 og døydde seinare av skadane.
Ullvarefabrikk
No overtok fabrikkeigar Arne Johannessen frå Strusshamn, skipa eit aksjelag og dreiv fabrikken under namnet Sygna Uldvarefabrikk A/L.
Fabrikken hadde eit nett av kommisjonærar i sogne- og sunnfjord-bygdene som tok imot ull og formidla ferdigvarer tilbake frå fabrikken.
I kriseåra på 1930-talet stod fabrikken stille i lange periodar, og arbeidarar vart permitterte og oppsagde. Dette førte til at dei i 1932 organiserte lokallag av Norsk Tekstilarbeiderforbund.
Utviding på 1950-talet
Sygna Uldvarefabrikk vart utvida på 1950-talet med to nye bygningar som m.a. innheldt kamgarn-spinneri og vevegarnavdeling. Tekstilingeniør Anders Dancke Sunde vart tilsett som disponent. Han overtok også
Sognefjorden Ullvarefabrikk i Sogndal, og dreiv begge fabrikkane i fleire år. Fabrikken hadde jamnt over mellom 20 og 25 faste arbeidarar.
Selt og flytta
Sygna Uldvarefabrikk vart selt til Oslo-selskapet Norsk Kamgarnindustri A/S i 1960, og spesialiserte seg deretter berre på strikkegarn. Fabrikken gjekk konkurs i 1970, men disponent Arne Dancke Sunde fekk løyve av bustyret til å halde fram med litt produksjon fram til han fekk Sandnes Kamgarnspinneri i Rogaland til å overta på Hermansverk. Dette selskapet dreiv fabrikken fram til 1982, då produksjonen på Hermansverk vart lagt ned og flytta til Sandnes.
I 1984 vart lokala til den gamle ullvarefabrikken ved Henjaelvi tekne i bruk til det nyskipa smoltoppdrettsanlegget
Sygna Aquakultur AS.