SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Leikanger:

Meieri og smørlag i Leikanger

Utbygging av meieri var på slutten av 1800-talet avgjerande for moderniseringa av det norske landbruket ved omlegging frå naturlahushald til pengehushald: Gjennom meieria fekk bøndene omsett smør og ost. Såleis fekk dei inntekter til innkjøp av moderne maskiner og til nye driftsbygningar.

Publisert 21.01.2003 14:28. Oppdatert 05.12.2003 11:36.
Norges Vel fekk i gang det første norske meieriet på Tolga i Østerdalen i 1855, og i 1874 vart dei to første meieria i Sogn og Fjordane starta i Vik (Vik Meieri) og på Hafslo - sjå: Meieria i Luster.

Meierimeisteren

Norges Vel tilsette meierimeistrar som reiste som rettleiarar og "misjonærar" for meierisaka. På Vestlandet kom den første i 1881, og frå 1893 budde meierimeister Kristian Ihlen på Leikanger. Som meierimeister organiserte han lokale meierilag og planla mange av dei nye meieria som vart bygde i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal kring 1900.
I Sogn og Fjordane vart det frå 1895 til 1905 bygt i alt 165 meieri!

Leikanger Meieri

Skipa i 1892. Meieriet var ikkje i drift i meir enn 15 år.

Systrand Meieri

vart bygt av eit lutlag i 1898. Meiriet låg ved Henjaelva på Hermansverk og hadde tre tilsette på det meste. Nokre av maskinane vart drivne med dampkraft. Meieriet var i drift til 1904.
Også i Eitorn vart det ein kort periode på 1890-talet drive eit lite meieri som hadde tilsett to meiersker. Huset vart i 1908 kjøpt av ungdomslaget og brukt nokre år som badstove - sjå: Badstove på Eitorn.

Smørlag

Etter at meieridrifta tok slutt, var det mange som leverte smøret til handelsmann Olaf Knutsen (sjå: Kjøpmanns-greina i familien Knutsen) på Hermansverk, som selde det vidare i Bergen. Bøndene fekk oppgjer både i pengar og varer på butikken.
I kriseåra for norsk jordbruk i mellomkrigstida dukka "smørlaga" opp. I alt var det 79 slike smørlag i Sogn og Fjordane, og desse organiserte vidaresalet av smør og andre heimelaga mjølkeprodukt.

Det vart på denne tida arbeidd for å starte eit nytt meieri på Leikanger, men dette vart detv ikkje noko av.
I staden vart Systrond smørlag skipa i 1936 med 48 medlemer. Det leigde lagerplass i Sognefjord Sardine Co. A/S sin tidlegare fabrikk ved kaia på Hanehaug og heldt til der til 1940. Andreas Høyum tok imot og vog inn det heimekinna smøret, som vart selt vidare til Bergen.

Mjølkebil til Sogndal

Statstilskotet som vart ytt til smørlaga, fall bort etter kvart som vegane vart utbygde. I 1937 opna vegen Leikanger - Sogndal, og Olav Grinde starta mjølkebilrute frå Leikanger til meieriet i Sogndal. Smørlaget på Systrond vart lagt ned i 1952.

MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no