SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Leikanger:

Spionar med attentatplanar mot keisaren

Teorien går ut på at keisar Wilhelm II - her ombord på Hohenzollern - skulle takast av dage.
Teorien går ut på at keisar Wilhelm II - her ombord på Hohenzollern - skulle takast av dage.

Dei mystiske lika på Olsens hotell

Om kvelden den 11. august 1911 small det tre revolvarskot på eitt av gjesteroma i Olsens Hotell på Hanehaug/ Leikanger. Då personalet opna den låste døra, fann dei ein mann og ei kvinne og ein 12 år gamal gut liggjande på golvet. Alle var skotne gjennom tinningen. Våpenet låg ved sida av den daude mannen.

Publisert 28.01.2003 12:54. Oppdatert 17.06.2003 16:05.
Det var på Olsens hotell på Hanehaug dei døde vart funne. (Foto: A. Nybø, NRK)
Dei tre var ingeniør Louis Assmus fødd i 1876 i Braila i Romania, busett i Hannover i Tyskland, systera: enkefru Johanne Lehman fødd 1870, og hennar son August Lehman fødd 1899.

Ingen obduksjon

Distriktslege Heiberg vart tilkalla, og han slo fast at ingeniør Assmus først hadde teke livet av dei to andre før han skaut seg sjølv. Det same meinte politimeister Ingebrikt O. Asheim, som leia etterforskinga av den tragiske hendinga.
Ingen fann grunn til å obdusere lika, og to dagar seinare vart lika gravlagde ved kyrkja på Leikanger.

Ingebrikt Asheim leia etterforskinga.

Etterlyst i Tyskland

Hendinga vekte stor merksemd i norsk og utanlandsk presse: - Kven var dei tre, og kvifor tok Assmus seg og sine av dage på eit hotellrom ved Sognefjorden? Etter kvart som ein nøsta opp bakgrunnen til dei tre, viste det seg at dei den 29. juli vart etterlyste av tyske styresmakter då dei ikkje vende heim til avtalt tid. På same tid som dei tre var i Sogn, var også den tyske Keisar Wilhelm II på si årlege gjesting. Keisaryachten "Hohenzollern" låg for anker ved Balestrand medan keisaren tok dagsutflukter m.a. til breane i Fjærland.

Teori om terrorisme

Seinare granskingar vil ha det til at Assmus og systera, som begge var fødde i Romania, var medlemer av den rumenske terrororganisasjonen "Svarte hand", og at føremålet med reisa deira til Sogn var å ta livet av den tyske keisaren. Attentatet skulle skje når keisaren steig i land i Fjærland for å reise i karjol opp til Supphellebreen. Det vert hevda at ingeniør Assmus då stod heilt ute på kaikanten i Fjærland og venta på regenten. Men på grunn av endringar i reiseplanen, gjekk ikkje keisar Wilhelm II i land i Fjærland.

Teorien sidan har vore at den angivelege attentatmannen Assmus kjende seg avslørt både med etterlysinga i avisene ei veke tidlegare, og no med hendinga i Fjærland. Dette skal ha ført til at han ikkje såg annen utveg enn å ta seg sjølv og systera og sonen hennar av dage.

Sjå video:
· Programmet 'Tysk keisar i norsk fjord'


MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no