|
Steinen er nesten 8 meter høg. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Steinen har m.a. vore eit ynda motiv for kjende kunstnarar. Under ei reise i Sogn i 1832 måla diktaren Henrik Wergeland ein akvarell av "Fridtjofs gravhøi" - dvs. den store bautaen. Sjå også:
Diktaren Henrik Wergeland frå Gulen-slekt.
Andre som måla steinen var
Knud Baade og Hans Leganger Reuch. Eit bilete av steinen, måla av dansken Carl Anton Saaby (1807-1878), heng i kommunehuset på Leikanger.
Steinen har også gjennom Esaias Tegnérs "Fridtjofs saga" vorte knytt til segna om Fridtjof den frøkne, og at steinen har stått på gravhaugen til denne vikingkongen.
Steinen har også borte kalla
Ivar Elda-steinen.
Henta frå Hessberget
Både denne og fleire bautasteinar på Leikanger er henta frå Hessberget ovanfor Husabø. Baldersteinen veg minst 10 tonn, så det har vore litt av eit karstykke på den tida å dra steinen til gards.
Uviss alder
Ingen veit sikkert når og kvifor steinen er reist, men mest truleg er den frå åra 500-800 e. Kr., Ein reknar også med at den stod på eller ved ein gravhaug som seinare vart øydelagd ved dyrking.
Graver ved steinen
På 1990-talet er det grave ut ei mengd jernaldergraver og andre funn frå vikingtida like ved steinen. Aust for steinen er det funne ei båtgrav frå yngre jernalder. Tidleg på 1800-talet fann ein bonde, som skulle plante frukttre, fleire gjenstandar av bronse kring steinen.