SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Bremanger

Kraftforsyning i Bremanger

Den gamle kraftstasjonen frå 1921 står midt på området til Elkem. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Den gamle kraftstasjonen frå 1921 står midt på området til Elkem. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Bremanger Kraftselskab A/S

i Svelgen vart skipa i 1914, og bygde ut to store kraftstasjonar like under Svelgsfossen. Den første stod ferdig i 1921, og Svelgen fekk alminneleg forsyning frå same tid.

Publisert 31.01.2003 13:57. Oppdatert 22.02.2007 08:48.
Legging av røyrgate i Svelgen i 1917. Foto: Norsk Teknisk Museum

Alt i 1918 bygde selskapet ein liten kraftstasjon slik at dei hadde elektrisk kraft i anleggstida. Tanken var å nytte krafta frå første stund til eit smelteverk, men i staden vart mykje av krafta leigd bort til Ålfot interkommunale kraftselskap. Les meir om dette i eigen artikkel: Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet.

Stige med 60 trinn som anleggsarbeidarane brukte ved kraftutbygging ved Svelgen. Ukjend fotograf, eigar: Ingvar Fredheim.

Fylgde med til Elkem

Kraftstasjonane fylgde ved seinare eigarskifte med over til Christiania Spigerverk og derfrå inn i Elkem-konsernet, som seinare har bygt ut og regulert dei fleste vassdrag kring Svelgen – m.a. Indrehusvassdraget – og dessutan Nordalsvassdraget i Flora kommune ved at vatnet derfrå er ført over til kraftstasjonar på Svelgen-sida.

Det var Sogn og Fjordane fylke og Christiania Spigerverk som i si tid kjøpte Nordalsvassdraget i fellesskap.




Yksenelvane Kraftverk

aust for Ålfoten vart bygt ut av det interkommunale kraftselskapet Firdakraft, og kraftstasjonen vart sett i drift i 1954. Fallrettane i Yksenelvane leigde Firdakraft av Sogn og Fjordane fylke, som hadde overteke dei etter det fallerte Ålfot interkommunale kraftselskap - sjå Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet.
Lossing av generator til Øksenelvane i 1955. Foto: K. Herland

Med denne utbygginga fekk "kraftbygda" Ålfoten også innlagt elektrisk straum i alle gardstun – over 50 år etter at vassfalla kring bygda vart selde til fossespekulanten Ragnvald Blakstad.
Seinare har kraftstasjonane i Øksenelvane vorte utvida fleire gonger ved større reguleringar i nedslagsfeltet, og i 2006 vart det bygd vel seks kilometer veg heilt frå Ålfoten og opp til dei regulerte vatna i fjella under Ålfotbreen.

Åskora kraftverk

I 1966 fekk eigar av fallrettane, Sogn og Fjordane fylke, konsesjon på utbygging av Åskoravassdraget i Ålfoten. Ved sida av Yksenelvane lengre aust, var Åskora dei fallrettane som fylket hadde overteke etter det fallerte Ålfot-selskapet - sjå Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet.

Den første kraftstasjonen i Åskora vart teken i bruk i 1971. Same året vart Vestlandske Kraftsamband med sete på Sandane avvikla, og i staden skipa fylket i 1972 sitt eige Sogn og Fjordane Kraftverk – SFK – som no vart eigar av Åskora-anlegga. SFK fekk Sandane som administrasjonsstad og vart i 1984 omskipa til Sogn og Fjordane Energiverk. Seinare vart namnet endra til Sogn og Fjordane Energi AS, og selskapet tok m.a. opp i seg Firdakraft og Ytre Fjordane Kraftlag - YFK.

Åskora-falla var rekna til å gje 460 GWh, og den andre kraftstasjonen – Åskora II – stod ferdig i 1973. Ein del av vatna i vassdraget har uvanleg reguleringshøgde.

Kravde veg til Ålfoten

I samband med utbygginga, kravde folket i den då veglause Ålfoten vegutløysing og ferjesamband som vederlag. Ålfoten Ungdomslag sikra seg tilskot frå utbyggjaren til bygging av nytt samfunnshus.

Under anleggsarbeidet miste to menn frå Ålfoten livet ved ei sprengingsulukke i ein tunnel i 1969.

Mindre kraftverk i kommunen

Ut over dei store kraftverka i Svelgen og Ålfoten vart det bygt fleire mindre kraftverk for lokal forsyning kring om i Bremanger kommune:

I 1914 fekk 25 husstandar på Sigdestad og Myklebust, samt skulen i Ålfoten innlagt straum då Ålfot-selskapet bygde ein liten kraftstasjon der. Ålfot-selskapet hadde m.a. bruk for elektrisk lys i administrasjonsbygget og funksjonærbustadane som dei sette opp i Ålfoten.

Anfinn Lågeide hadde ein liten kraftstasjon i drift i Lågeidselva frå 1937 til 1974.

Alf Øvrebotten hadde sin eigen kraftstasjon i nokre få år på 1930-talet på Nesbø.

Eit elvekraftverk i Sagelva hjå Rasmus Dyrstad forsynte tre husstandar på Dyrstad med straum frå 1939 til 1955.

I Vik i Ålfoten hadde oppsitjarane sitt eige kraftverk frå 1946 til 1958.

Torvald Vingelven hadde kraftforsyning til eige bruk frå Vingelvfossen frå 1952 til 1982.


MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no