|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Bremanger: Thorbjørn Øvrebotten | Thorbjørn Øvrebotten heime i hagen fredsvåren 1945. Han var då 59 år og hadde anlagt fippskjegg under krigen, for å ikkje vere så lett å kjenne att. (Foto utlånt av familien) |
Thorbjørn Øvrebotten (1886-1967) frå Botnane. Gardbrukar og motstandsmann under andre verdskrig. Publisert 31.01.2003 14:33. Oppdatert 18.02.2003 13:52.Saman med kona Magna (1900-1992) og sonen Arne Øvrebotten var han sentral kontaktmann for Shetlands-farar og sabotørar under andre verdskrig. I samarbeid med Martin Domben på øya Domben husa dei m.a. Ragnar Ulstein og dei andre leiarane som bygde opp Milorg-gruppene Siskin i Sogn og Snowflake i Fjordane vinteren 1944/1945.
Skjulestad i fjellholeØvrebotten huste mange av rømlingane og motstandsfolka i ei fjellhole i Nøredalen, utmarka til garden. Inngangen skjulte dei med ei furu, som dei sette ned i jorda som ein annan gardstaur når dei gjekk inn og ut av hytta. Furua gjorde det uråd å sjå inngangen, og for å gå endå meir i eitt med naturen var det ei maurtue på taket. Hytta vart bygt før jul i 1944, etter at det vart for mange å gøyme i husa på garden. Dei fyrste som tok hytta i bruk var Linge-karane Harald Svindset og Per Ratvik. Kona Magna og dottera Oddbjørg sytte for mat og fekk den frakta til hola der det var 5-6 menn på det meste.
Sjå òg: Krigshistoria i Bremanger
| Arne Øvrebotten utanfor hola der 5-6 motstandsfolk vart gøymde. Inngangen var kamuflert av ei furu, som dei sette ned i jorda. Det var ei maurtue på taket. Biletet er frå boka om Kompani Linge, utgjeven i 1948. (Foto utlånt av familien) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|