SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Leikanger:

Fruktbygda Leikanger

Leikanger har ein eplekvist i kommunevåpenet, og ikkje utan grunn. Leikanger er den fremste fruktbygda i Sogn med stort fruktlager og forskingsstasjon for frukt og bær.

Publisert 04.02.2003 15:20. Oppdatert 14.02.2003 11:02.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Frukthistoria i Sogn og Fjordane [WM]  - forskar Svein Harald Hjeltnes ved forsøksgarden på Njøs fortel om frukthistoria i Sogn og Fjordane i samtale med Ottar Starheim.

Vik - pionérbygda for frukt i Sogn

Den første kjende omtalen av fruktdyrking i Sogn stammar frå Vik, der det vert skrive at det ligg ein "aldinshage" - dvs. eplehage - ved elva Hopra. Dansken Apollonius Liljedahl lærte sogningane podingsteknikken på slutten av 1700-talet.

Epledyrkinga var i mange hundre år gjort for eige hushald på garden. Først i siste halvdel av 1700-talet finn ein opplysningar om at frukt frå Sogn i noko omfang vart selt til Bergen.

Kontakt med utlandet

Men det er tydeleg at sogningar med spesiell interesse for fruktavl hadde kontakt med utlandet lenge før den tid for å skaffe seg nye sortar til hagane sine. Mange dyrka så mykje at dei kunne betale dei årlege skattane sine i form av eple og kirsebær. Slik skriv biskop Erik Pontoppidan midt på 1700-talet.

Fuhr-eplet

Bonde Ola Sjurson Fuhr tok litt før 1780 til å plante frukttre på garden sin i Luster, og dyrka også mykje frukt for sal. Det er derifrå det kjende Fuhr-eplet stammar.

Leikanger-presten med stor frukthage

Den første som planta ein større frukthage i Leikanger var prost Niels Normann som var prest der frå 1816 til 1822. Frå byrjinga av 1800-talet er det tydleg at fruktdyrkinga i Leikanger og Luster tok seg sterkt opp.

Fruktdyrking vart stor næring i Leikanger

Frå 1870-talet vart fruktdyrking hovudinntekta på mange gardsbruk i midtre og indre Sogn.

Leikanger Fruktlager

Stort fruktlager bygt i 1960.

Statens forsøksstasjon for frukt på Njøs

I 1919 løyvde Staten midlar til innkjøp av ein høveleg Vestlands-gard der ein kunne drive forsking og utvikling av fruktsortar. Forsøksgarden driv forsking og utvikling av nye frukt og bærsortar, og har gjort viktige framsteg i utvikling av meir intensive dyrkingsmetodar og lagringsmetodar for frukt.

Eplehage på forskingsstasjonen. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)

Misjonstre

I fleire hagar kringom i Sogn planta kristenfolket såkalla "misjonstre". Dette var frukttre der inntekta frå avlinga skulle gå til misjonsarbeidet. Ein av dei som hadde planta eit slikt tre, var den ihuga misjonsmannen John Olsson Husabø (1843-1922). Frå dette misjonstreet på Krokagarden vart det i 1887 hausta tre skjepper eple som vart selde for kr. 1,95.

Lokale fruktsortar frå Leikanger

Dei fleste større fruktbygdene i Sogn har sine lokale eple med eigne namn. På Leikanger er det fleire sortar.

Norsk fruktmuseum

I lengre tid har det vorte arbeidd for å byggje opp eit "Norsk Fruktmuseum" i fruktkommunen Leikanger - utan at det hittil (år 2003) har gjeve konkrete resultat.

MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no