Det første ungdomslaget på Systrond vart eit reint gutelag - Leikangers gutasamlag, skipa i 1877. Det vart også av mange kalla "ynglingeforening", og hadde kring 70 medlemer. Ein av formennene var den kjende presten og Venstre-høvdingen
Jakob Liv Rosted Sverdrup.
Først kring 1880 fekk jentene bli medlemer, og laget gjekk over til å kalle seg Leikangers Ungdomslag.
Strid om ungdomshuset
Laget heldt i mange år møta sine i Nybø skule, men kring 1917 starta arbeidet for eige hus. Men det vart hard strid om kvar ungdomshuset skulle byggjast, og laget var nær ved å verte løyvd i to - i eitt for vestre del av bygda og eitt for austre del.
Indrebygdingane vann
Etter underskriftsaksjonar og pengeinnsamling vann "indrebygdingane" drakampen i 1925, og ungdomshuset "Leikvang" vart bygt på Hermansverk. Dette huset er teikna i klassistisk stil av Bergens-arkitekten Johan Lindstrøm, som også har teikna ungdomshuset på Lærdalsøyri.
I åra kring 1920 var det to stilretningar som rådde i ungdomshusarkitekturen: Den eine var typeteikningar utarbeidde for Noregs Ungdomslag av Magnus Dagestad frå Voss. Denne "nasjonale" byggjestilen finn ein gode døme på i "Valhall" i Høyanger (sjå:
Høyanger ungdomslag og ungdomshuset Valhall) og Vikjahalli i Vik. Den andre var den klassistiske stilen, inspirert av gresk tempelarkitektur, der "Leikvang" og ungdomshuset i Lærdal er dei beste døma i Sogn og Fjordane.
To veker før "Leikvang" på Hermansverk skulle opnast, skipa ytrebydingane "Systrand Ungdomslag" i protest mot indrebydingane sin siger. Men striden roa seg, og dette utbrytarlaget vart lagt ned etter ei tid.