Oversynet tek med berre ulukker med fleire omkomne, eller ulukker under særskilde omstende:
1684
I 1684 drukna soknepresten Jens Bugge på veg frå Fresvik til Leikanger.
1784
I 1784 brann ein stor del av gardshusa på Eggum ned.
1800
I pinsa 1800 drukna eit ektepar og 2 av borna deira utanfor Grinde. Ein dreng vart berga då båten kantra i stormen.
1828
I 1828 drukna ei kvinne i elva på Grinde
1840
I 1840 omkom mor og son frå Supphamar i eit skred.
1841
I 1841 fraus ein mann frå Henjum i hel.
1846
I 1846 omkom ein mann frå Hella då han vart teken av eit snøskred.
1934
I 1934 fall ein 12 år gamal gut frå Njøs utfor ei bru og drukna.
1940
I april 1940 vart kapteinen på Fylkesbaatane sin "Kommandøren" drepen under bombing av Leikanger (sjå:
Bombing og død på Hermansverk).
1951
I påska 1951 vart to skiløparar tekne av snøskred i Trastadalen, og ein av dei omkom.
1980
I 1980 omkom to born frå Hafslo då bilen dei sat i køyrde i fjorden like ved Eitorn.
1992
I 1992 omkom ein hjortejeger då han skulle krysse Henjaelva på ei provisorisk taubane. Bærelina rauk, og mannen fall i elva og drukna.