Nazistane skifta etter kvart ut både folkevalde og tenestemenn i den norske forvaltninga med sine eigne folk.
Fårlege nazistar
Ein av dei fårlegaste nazistane i Sogn og Fjordane var Adolf Tårneby, som vart sett inn i stillinga som fylkesrevisor i mai 1941. Både han og ektemaken Ingeborg var ihuga og aktive nazistar og angjevarar som spela ei sentral rolle i fleire arrestasjonssaker i og kring Leikanger. Sonen deira vart frontkjempar på den tyske Austfronten, og dottera var tolk for tyskarane. Adolf Tårneby vart NS-lagførar på Leikanger og sette opp ei liste med namn over folk som han mistenkte for å drive motstandsarbeid. Mellom desse var
Olav Rise og
Hans Faleide, som begge døydde etter Gestapo-arrestasjon i 1945 (sjå:
Milorg-opprulling, tortur og drap). Både Adolf og Ingeborg Tårneby fekk etter krigen fengselsstraffer for landssvik.
Fylkesmann Seip avsett
Den 25. juli 1941 vart fylkesmann i Sogn og Fjordane,
Hans Seip, avsett av nazistane. Han hadde ved fleire høve vist forakt for okkupasjonsmakta - m.a. på fylkestinget som vart halde i Fjærland 9. juni 1941. Her leia nazistane sin fylkesordførar
Johan Arntzen møtet, der fylkesmann Seip sette seg imot å sende hyllingstelegram til Vidkun Quisling.
|
Vidar Atne i 1942. |
NS-mannen
Vidar Atne avløyste Hans Seip som fylkesmann. Han hadde vore fylkesskattesjef i Oppland før han vart fylkesmann i Sogn og Fjordane. 1. juli 1944 vart Atne avløyst som nazi-fylkesmann av oberst
Konrad Sundlo. Etter krigen fekk Atne 5 års tvangsarbeid, vart frådømd stillinga i Oppland, tapte borgarrettar i 10 år og betalte 5.000 kroner i bot. Sundlo vart dømd til fengsel på livstid og tap av ålmen tillit for alltid. Han vart også frådømd stillinga som oberst og måtte betale 30.000 kroner i bot.
AT-leiren i Henjadalen
Frå 1934 og under 2. verdskrig dreiv dei norske nazistane, Nasjonal Samling, såkalla Arbeidsteneste (AT) for ungdom.