SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Sogndal og Luster:

Gamlevegen Sogndal-Hafslo-Marifjøra

Parti frå gamlevegen mellom Sogndal og Hafslo. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Parti frå gamlevegen mellom Sogndal og Hafslo. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Den gamle ferdslevegen langs dei ville elvejøla ved Årøyelva var noko av det mest dramatiske som ferdafolk kunne oppleve i gamal tid på Vestlandet.

Publisert 04.03.2003 09:53. Oppdatert 10.11.2003 11:53.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
For å reise frå skysstasjonen på Hofslund i Sogndal og til Solvorn, Hafslo eller Marifjøra, måtte ein fylgje ein kupert veg som gjekk til Nes. Derfrå opp til Kvam, og så nedatt til stranda ved Barsnesfjorden. Her nede gjekk vegen som i ein tunnel under store steinblokker. Staden vart kalla "Børa", og segner seier at folk vart både røva og drepne der. Derfrå gjekk vegen bratt opp til Ølnes før den stupte ned att til Nagløyri, der det var bru over til Årøy.

Ofte vart ferdafolk også rodde frå Sogndal til Nagløyri lengst inne i botnen av Barsnesfjorden. Frå skysstasjonen på Nagløyri gjekk vegen på austsida av Årøyelva opp Gildreskreida (Gildeskredn). Utfor vegkanten på det brattaste ser ein loddrett ned på det vidgjetne Futespranget i Helvetesfossen - også kalla Hallaupspranget. Etter eit slakt stykke, stig den gamle vegen så bratt at dei som køyrde, måtte stige av vogna. For å kome ned til Solvorn, måtte ein ned dei bratte Solvorngaldane. Den skrøpelege vegen i Galdane vart utbetra til skikkeleg køyreveg kring 1865. Sorenskrivar Krebs i Solvorn ytte personleg tilskot til ombygginga.

Skysstasjonen i Hafslo låg på Hillestad. Så tidleg som i 1650 finn vi at "Ingebrigt på Tang" er skysskaffar. Frå Hillestad gjekk vegen over Sterriskaret og stupbratt ned att Skarbakken på nordsida. Herfrå gjekk vegen på austsida av dalføret ned Marheimsbakkane til Marifjøra. I dag går vegen i botnen av Marheimsgjelet, men frå gamlevegen oppe i fjellsida var det stupet rett ned jølet frå vegkanten. Her gjekk ein mann ein gong utfor og drap seg.

Frå skysstasjonen i Solvorn fekk reisande skyss med robåt vidare inn Lustrafjorden. Dei som skulle over Sognefjellet til Ottadalen, vart rodde heilt til Skjolden. I Solvorn finn vi "Ole på Vallaker"som skysskaffar i 1666.

Køyreveg Sogndal-Marifjøra

Samanhengande vegsamband med køyreveg Sogndalsfjøra-Hafslo-Solvorn kom ikkje før i 1907. Vegen vart utbetra og lagt om m.a. med den 403 meter lange Årøytunnelen i 1983.

Sjå også:
· Bygdeborga i Årøy


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no