Nagløyri kallast garden på elvesletta ved utløpet av Årøyelva. Garden heitte opphaveleg Bruavoll.
Her var det i gamal tid skysstasjon for folk som reiste mellom Sogndal og bygdene innanfor, i Hafslo og Solvorn. I 1661 fekk den rike eigaren av Kroken i Luster, bergenskjøpmannen
Bernt Arntzen Nagel, hand om Bruavoll og fiskerettane i Årøyelva. Fiskerettane kjøpte han frå futen i Bergen, Per Jansson.
Sjølv flytta Bernt Nagel etter ei tid frå Kroken til Bergen. Men sonen Anders Berentson Nagel var ein ivrig laksefiskar, og han busette seg på Bruavoll, som no etter kvart vart kalla opp att etter eigaren Nagel: Nagløyri.
Ein bror av Anders var den velståande handelsmannen på Årdalstangen,
Dominikus Berntsen Nagel.
På 1700-talet budde opprøraren
Nils Christen Dankertson Kvithovud på Nagløyri.
Industridraumar på Nagløyri
Heilt fram på slutten av 1700-talet var Nagløyri eigd av folk frå aristokratiet på Vestlandet. I 1899 kjøpte grosserar Konow og andre frå Oslo fallrettane i Årøyelva og hadde planar om stort kraftverk og industri. I 1910 kjøpte difor den same gruppa Nagløyri til industri og arbeidarbustader, men planen rann ut i sanden, og fallrettane i Årøy gjekk over til andre - sjå:
Kraftutbygginga i Sogndal.