|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Sogndal: Ferje og bru over Loftesnessundet | Loftesnesbrua. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Frå gamal tid har det vore lokale skyssmenn som sette ferdafolk og fe over det smale Loftesnessundet som stryper seg mellom Sogndalsfjorden utanfor og Barnesfjorden innanfor. Publisert 04.03.2003 11:58. Oppdatert 02.02.2007 12:53.
Fast ferjemannPå Nestangen vest for sundet budde det på 1700-talet strandsitjarar som delvis livnærte seg som ferjemenn. Då kjerrevegen Kaupanger-Loftesnes var ferdig i 1847, bygde vegstellet skikkelege kaier og tilsette fast ferjemann.
Ein av dei som tente som ferjemann lengst, var Jon Olsson Loftenes (f. 1863). Han var ferjemann frå 1886 til fram på 1930-talet.
KabelferjeFrå 1938, då nyevegen til Kaupanger var ferdig, og til 1958, vart skyssinga ordna med ei kabelferje. Dette var den første spesialbygde "bilferja" i Sogn og Fjordane, og var det første skipet som vart bygt ved Løland Verft i Leirvik i ytre Sogn.
| Lostenesferja - nettopp sjøsett frå Løland motorverkstad sommaren 1938. Foto: Bjarne Råsberg |
Lengste bruaKabelferja vart lagd ned då den nye brua med eit spenn på 210 meter vart opna over Loftesnessundet i 1958. Loftesnesbrua var det første bompengeprosjektet i Sogn og Fjordane, og var den lengste brua i fylket heilt til Måløybrua opna i 1974.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|