|
Fossetunet i Sogndalsfjøra i 1870 før staden vart ombygd til Danielsens hotell. (Foto © Fylkesarkivet) |
Danielsens Hotell var eit framhald av gjestgiveriet som låg på Nytappen eller Fossetunet, og låg på reina der ein køyrer ned til dampskipskaia - sjå:
To gjestgiveri i Sogndalsfjøra. Her hadde kremmaren "Jens på Nytappen" drive gjestgiveri.
|
J. A. Foss. |
Seinare overtok handelsmann J. A. Foss landhandelen og gjestgiveriet, og hadde brennevinsskjenking. Denne Foss var ein av skiparane av
Sogndal Sparebank i 1841, og ein mektig mann i bygda. Etter han overtok bergensaren Kvammen eigedomane og dreiv til ut på 1880-talet, då Daniel Danielsen overtok.
Starta med 10 senger
Daniel Danielsen kom frå Bryggja i Nordfjord, og gifta seg med ei syster til
Nils Landmark Lem som var lensmann i Sogndal frå 1879 til 1916.
|
Gjestgiveriet på Fossetunet i 1860. (Foto © Fylkesarkivet) |
Danielsen kjøpte den gamle bygningen i Fossetunet og starta hotell med 10 senger. Dette må ha vore kring 1890. Hotellet var då eit vakkert hus på to etasjar og med høgt, valma pannetak - svært likt den kjende sorenskrivargarden på Loftesnes.
I tillegg til hotelldrifta, var Daniel Danielsen dampskipsekspeditør og handelsmann, og i 1893 bygde han det første meieriet i Sogndal - sjå:
Meierihistoria i Sogndal. Folk som ville ned på kaia for å glo på "dampen" måtte løyse ei avgift på 5 øre for å sleppe gjennom den låsta grinda som Danielsen hadde bygt i kaibakken!
Storfine gjester
Mellom dei som tok inn på hotellet, var lordar og hertugar som fiska laks i Årøy. Her budde også indiske maharajaer, hertugen av Windsor og Bjørnstjerne Bjørnson.
Slekta overtek
I 1909 fekk Daniel Danielsen hjelp av syskenbarnet Oscar Danielsen frå Bergen. Han gifta seg med kjøpmannsdottera Berta Olsen, og då grunnleggjaren døydde i 1921, overtok dei både hotellet og dei andre verksemdene. Oscar døydde i 1944, og Berta dreiv åleine fram til 1964, då dottera Anne Margrete Olsen og hennar ektemake Magne Hovland overtok.
I 1971 vart Danielsen Hotell rive for å gje plass til A/S Forretningsbygg.