|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Sogndal: Kamp om rutene i Amlabukta | DS Firda ved kai i Amla ca. 1910 |
Amla fekk rutestopp av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1862 med lensmann Johan Chr. Jersin som første ekspeditør. Han budde på garden Nedre Amla (sjå Amla-gardane) på austsida av bukta. Sidan var det Husum-slekta på Nedre Amla som var ekspeditørar. Her var det både postkontor, telefonstasjon, skysstasjon og gjestgiveri. Publisert 14.03.2003 08:54. Oppdatert 23.01.2007 10:29. | Kai på Nedre Amla. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Den viktigaste utskipingslasta frå Amla var trelast, og rutebåtane kunne ofte liggje langt over ruta i Amla når det var mykje skurlast som skulle om bord. Tømmertransporten var truleg den viktigaste grunnen til at også godseigarane på Kaupanger-godset på vestsida av Amlabukta melde seg på og ville ha rutestopp av Fylkesbaatane – sjølv om det berre var nokre hundre meter til kaia på Nedre Amla.
| Lensmann Johan Christian Jersin. |
Kai ved tunetI 1897 søkte godseigar Knagenhjelm og andre oppsitjarar på vestsida av bukta om at rutestoppen vart flytta frå Amla og over til dei på vestsida. Men Fylkesbaat-direksjonen avslo. Først i 1915 fekk Knagenhjelm oppfylt ynskjet om rutestopp. Han bygde dampskipskai like ved tunet på Kaupanger Hovedgård. I ei tid hadde såleis Amlabukta to dampskipskaier for Fylkesbaatane – ei på Amla og ei i Kaupanger. Ein vart knapt andpusten om ein sprang imellom dei.
Øl ombord- Men turen over bukta var populær av spesielle grunnar: På "overfarten" kunne bygdefolket leske strupen med eit glas øl - noko som var forboden vare i dei lokale butikkane!
| Amlabukta med Kaupanger ferjekai til venstre. Til høgre er godset og sagbruket. (Foto: NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|