SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Sorenskrivargarden på Loftesnes

(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Eit av dei vakraste og velproporsjonerte husa i Sogn og Fjordane frå 1700-talet, er den gamle sorenskrivarbustaden ved Loftesnessundet.

Publisert 17.03.2003 08:49. Oppdatert 13.06.2003 16:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Om Loftesnes, Stedje og Sogndalsfjøra [WM]  Gudrun Loftesnes og historikar Per Sandal fortel til Ottar Starheim om sorenskrivargarden Loftesnes, storgarden Stedje og om fattigfolket i Sogndalsfjøra.
Huset tente fram til 1816 som bustad for sorenskrivaren i indre Sogn. Det har også tent som skulebygg for Storms private jordbruksskule i Sogndal og Sogndal folkehøgskule, og i nyare tid som ungdomsherberge og pensjonat. Huset vart freda i 1920.

Herskapshus frå 1776

Det gamle tunet på garden stod på ein haug bak herskapshuset. Desse husa vart rivne då sorenskrivar Michael Fleischer (1747-1814) kring 1776 bygde det store huset nærare sundet.

Huset har pannedekt valmtak over to fulle etasjar. Mot sundet er det fløydører ut mot trapp og veranda. Innanfor verandaen i 2. etasje finn vi ein stor festsal med mønsterlagt golv og dekorasjonar i taket. Dei store vindomnane i stovaroma står som dei gjorde på 1700-talet.
Fleischer hadde sju tenestefolk på garden.
Loftesnes-garden var i 1772 makeskifta frå Stein Nilsson Ølnes av forgjengaren til Fleischer, sorenskrivar Søren Shielderup.

Eidsvoll-mann budde på Loftesnes

Den seinare Eidsvolls-mannen Lars Johannes Irgens avløyste Fleischer som sorenskrivar i 1803. Han busette seg i det store huset på Loftesnes, men leigde det av Fleischer som framleis åtte garden og huset. I 1816 flytta sorenskrivar Irgens til Solvorn der han bygde ein ny, staseleg sorenskrivarbustad - Kristianelyst - oppkalla etter ektemaken Kristianna.

Fest og svir på Loftenes

Broren til sorenskrivar Irgens, Hartvig Irgens (1786-1871), flytta no inn på Loftnesnes. Han vart gift med dotter til "gamleskrivaren" Fleischer, og dei fekk skøyta på garden i 1812. Han vart også postopnar i Sogndal, og forlikskomissær.
Men han førte også eit raust selskapsliv i den vakre bygningen på Loftnesnes. Det vart fortalt at han ikkje skydde å slakte krøter i den beste beitetida på fjellet for å kunne by gjestane sine ferskt kalvekjøt. I den vakre festsalen kunne Sogndals-sosieteten ture og feste i dagevis. Men dette vart etter kvart ein livsførsel oven evne. Det gjekk som det måtte gå: Hartvig Irgens mista vervet som forlikskomissær, og postkontoret vart teke frå han og flytta over til Sogndalsfjøra.

I 1869 gjekk Loftesnes under hammaren. Den nye eigaren vart bondesonen Eirik Ofredal, som kom frå Årdal. Sidan har denne slekta rådd på Loftesnes.

Loftesnes-huset var skulebygg

Dei første åra etter at Sogndal folkehøgskule vart skipa i 1870, leigde skulen rom i Loftesnes-huset. Før det hadde Martin Luther Storm drive ein privat jordbruksskule der. I nyare tid har huset m.a. vorte nytta som ungdomsherberge og pensjonat, starta av Martinus Loftesnes.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no