|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Skular i Sogndal: Dei første skulehusa i SogndalI lang tid vart folkeskulen driven som omgangsskule i dei fleste bygder i Sogndal. Det første faste skulehuset som er nemnt, finn vi i ein branntakst frå Kaupanger i 1835. Det er truleg at dette vart bygt av godseigar Knagenhjelm for eigne midlar. Publisert 17.03.2003 10:37. Oppdatert 30.05.2003 14:30.I den etter måten folkerike strandsitjarstaden Sogndalsfjøra vart det bygt skulehus i 1836. Dette skulehuset vart ombygt i 1862, men selt i 1893 og seinare nytta som bedehus.
I 1862 var det til saman 586 born som gjekk på folkeskulen i til saman 19 skulekrinsar i dåverande Sogndal kommune.
Ei ny skulelov i 1860 sette krav til at det vart bygt eigne skulehus i alle krinsar. I Sogndal kom dei slik:
I 1865vart eit tidlegare privathus på Amlasanden omgjort til skulehus.
I 1867vart det bygt skulehus i Lomeldshagen.
I 1868kom skulehus på Åberge, men nedlagt i 1897, då skulekrinsen gjekk inn i Trudvang.
I 1870vart eit tomt budstadhus i Kaupanger omgjort til skulehus.
I 1871vart det bygt nytt skulehus i Øybrekka, og erstatta med nybygg i 1929.
I 1872vart det bygt skulehus i Skogen (Olstad). Krinsen fekk nytte skulehus på Brekkebøen i 1894, som igjen vart flytta og bygt om i 1954.
I 1879kom nytt skulehus på Berget (Eskestrand). Det vart flytta til Øyre i 1914.
I 1884vart det skule på Notsete, der det kom nybygg i 1922.
I 1886kom det skulehus på Gjesthaugen.
I 1892vart det skulehus i Trudvang (Sogndal), der også Åberge krins gjekk inn. Nybygg på Trudvang i 1957, og nye utvidingar i 1980 og 2000.
I 1895kom skulehus i Torstadhagen.
I 1897vart det bygt skulehus på Øybrekkreset (Nygard), ombygt i 1954.
1909vart det skule på Barsnes og på Valeberg.
I 1923fekk Fimreite skulehus.
Haukåsenvar også eigen skulekrins i nokre år, men her vart det ikkje bygt skulehus.
Ei tid var det til saman 21 skulekrinsar i gamle Sogndal kommune.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|