SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Skular i Sogndal:

Sogndal gymnas og realskule

Gymnaset gjekk inn i Sogndal vidaregåande skule i 1992. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Gymnaset gjekk inn i Sogndal vidaregåande skule i 1992. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
I 1924 sette Sogndal kommune ned ein nemnd for å få skipa ein "Språk- og realskule" i bygda. I 1926 kom nemnda med tilrådinga om å starte realskule, men kommunestyret valde å la vere å starta skulen fordi ein meinte den kunne verte ein konkurrent til Sogndal folkehøgskule.

Publisert 17.03.2003 12:41. Oppdatert 13.06.2003 15:41.

Starten var privat realskule

I 1936 kom den unge teologistudenten Olav Leirvåg til Sogndal for å arbeide som portier på eitt av hotella. Han fekk kontakt med skulestyreformannen Lars Uglum, og same året starta Leirvåg realskule med 16 elevar i ungdomshuset Solhov.

Sogndal realskule i Trudvang

Frå hausten 1937 fekk realskulen to klassar flytta over i andre høgda i barneskulen Trudvang, der kommunen let skulen halde til gratis utan husleige og andre driftsutgifter. Skulen fekk no namnet Sogndal realskule. Då Leirvåg slutta og gjekk over i anna yrke i 1939, kjøpte kommunen skulen.

Gymnas under krigen

Krigsåra skapte vanskar for ungdom som skulle reise heimanfrå for å ta gymnasutdanning. Difor vart det starta ein mengd lokale gymnasklassar kringom i Sogn og Sunnfjord. Nordfjord var på den tida betre stilt med gymnas i nærleiken, på Sandane og Nordfjordeid. Både Florø, Dale, Høyanger, Balestrand, Aurland og Sogndal fekk gymnas i desse åra. Alle med unntak av Sogndal fekk kort levetid.
I 1944 vart det i samband med Sogndal realskule starta to-årig gymnas med lektor Paul Berdal som styrar.

Interkommunal realskule og gymnas

I 1951 vart realskulen i Sogndal interkommunal ved at kommunane Jostedal, Hafslo og Luster gjekk inn som medeigarar. Skulen vart samstundes tre-årig.
I 1956 gjekk gymnaset inn i den interkommunale ordninga.
I 1958 slutta Lærdal kommune seg til som medeigar, og Leikanger kommune i 1959.
Frå skuleåret 1957/1958 vart Sogndal gymnas tre-årig samlegymnas med eksamenrett.
I 1964 overtok Sogn og Fjordane fylke som eigar, og i 1965 flytta Sogndal gymnas inn i nybygg.

Sogndal Gymnas gjekk inn i Sogndal vidaregåande skule i 1992.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no