SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Skular i Sogndal:

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Fossbygget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Fossbygget ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Høgskulen i Sogn og Fjordane vart skipa i 1994 ved at ein slo saman Sogn og Fjordane Distriktshøgskule, Sogndal Lærarskule, Sjukepleiarhøgskulen og Ingeniørhøgskulen i Førde og Studiesenteret på Sandane. Høgskulen har i 2003 nærmare 2.300 studentar og kring 380 tilsette.

Publisert 17.03.2003 13:19. Oppdatert 10.04.2007 10:24.
Forelesning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Foto: R. Søgnesand, NRK)

Distriktshøgskulen vert skipa

Tanken om eit distriktsbasert høgskuletilbod tett opp under universitetsnivå tok form på 1960-talet, og den såkalla "Vidareutdanningskomitéen" gjekk i 1965 inn for at det var skipa 10 distriktshøgskular spreidde utover landet.
Dei første distrikthøgskulane i Noreg vart skipa i 1969 i Volda og Molde, Stavanger og Kristiansand. Same året vart det skipa til eit møte mellom studentmållag og politikarar frå fylket der ein for første gong tok opp tanken om å skipe ein distriktshøgskule i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane distriktshøgskule starta i Sogndal i 1975.

Politikarane veik unna lokaliseringskamp

Før høgskulen vart lokalisert til Sogndal, hadde eit fylkesoppnemnt utval med John Lillestøl frå Vågsøy som leiar vurdert ulike skulemodellar og lokalisering.
Lillestøl-utvalet rådde i 1972 til at fylket valde ein "paraplymodell" med ulike fagavdelingar spreidde utover fylket.
Tilrådinga vart lagt fram like etter den harde sjukehusstriden, som hadde vore full av bitre lokaliseringsstridar. I høgskulesaka låg det an til ein ny og kan hende like hard lokaliseringsstrid. Men fylkespolitikarane valde å styre unna ein ny strid, og då Sogndal med dåverande ordførar Nils J. Knagenhjelm i spissen argumenterte godt for at det rette var å leggje høgskulen til Sogndal - der ein frå før hadde lærarskulen på høgskulenivå - vart dette godteke av riksstyret og stillteiande godteke innad i fylket.
Slik vart Sogndal høgsetet for det som no er kjent som Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Avdelingar i Førde og Sandane

Då sentralsjukehuset opna i Førde i 1979, vart den nye skulepleiarhøgskulen starta som sjølvstendig høgskule. I 1989 vart det også skipa ingeniørhøgskule i Førde.
Studiesenteret på Sandane vart starta i 1981 med utdanning i spesialpedagogikk. I 1988 fekk senteret også ei musikkterapiline.
I 1986 tok Vågsøy kommune opp spørsmålet om å starte bedriftsøkonomiske studiar i Måløy. Studiesenteret i Måløy hadde nært samarbeid med distriktshøgskulen i Sogndal fram til 1994. Sidan dreiv studiesenteret i Folkeuniversietetet sin regi, med lausare band til HSF.
Både sjukepleiar- og ingeniørhøgskulen i Førde og studiesenteret på Sandane gjekk inn i Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) i 1994.
I 1999 vart det hard strid då leiinga for Høgskulen gjekk inn for å leggje ned ingeniørhøgskulen i Førde og byggje studia i Sogndal sterkare ut. Striden enda med at statsråden greip inn og let ingeniørhøgskulen i Førde få halde fram.

Høgskulen sine lokale i Sogndal

Dei første 15 åra heldt distriktshøgskulen til i brakker og i leigde lokale i ymse forretningsbygg i Fjøra. Lægreids Pensjonat vart fylt opp med studentar. I 1985 leigde distriktshøgskulen også Flåtengarden, og nokre år seinare også Fossetunet.
Ein stor del av undervisninga vart flytta over til Sogndal Kulturhus då det opna i 1991.

Lærarstudentar i auditorium på Høgskulen. (Foto: NRK)
Då distriktshøgskulen og lærarskulen i bygda vart samla under HSF i 1994, fekk høgskulen hand om den nedlagde produksjonsbygningen etter Sognesaft på Foss.
Denne vart mykje ombygd og modernisert, og har sidan 1995 m.a. husa administrasjonen, økonomisk-administrative fag og lærarutdanninga.
I tillegg til aktivitetane i Sogndal sentrum, har høgskulen frå 1986 disponert ein oppdrettskonsesjon og drive akvaforskingsstasjon på Skjer i stranda sør for Stedje. Etter at det meste av Sognefjorden i 2002 vart oppdrettsfri sone, er oppdrettskonsesjonen til HSF på Skjer flytta til eit oppdrettsanlegg i Flora, der den praktiske opplæringa i fiskeoppdrett skal gå føre seg.

Studentar i Sogndal. (Foto: R. Søgnesand, NRK)

Stor arbeidsplass

Høgskulen i Sogn og Fjordane er i 2003 den største arbeidsplassen i Sogndal kommune med 300 tilsette fordelt på 250 årsverk. I Sogndal har høgskulen 1700 studentar.
Ved høgskulane i Førde er det 70 tilsette og 500 studentar, og ved Studiesenteret Sandane kring 100 studentar og åtte årsverk.

Rektorar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane:

Jan Olav Fretland (vald) 1994-2000
Johs. Thaule (vald) 2000-2007
Åse Løkeland (tilsett) 2007-

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no