|
Usignert oljemåleri av gamle Stedje stavkyrkje etter tyskaren Andreas Aschenbach (1815-1907). Tittel: "Norsk høytidsfest". (© Blomqvist Kunsthandel) |
Då noverande kyrkje vart bygt på Stedje i 1867, vart den store stavkyrkja frå 1180-talet riven. Denne kyrkja hadde 16 stavar (bærande søylar), og var ei av dei største stavkyrkjene i Sogn.
|
Kyrkja sett frå sida (Teikning © Fylkesarkivet/Riksantikvaren) |
Stavkyrkja vart rikt dekorert, og det vekte oppstyr då det vart kjent at kyrkja skulle rivast. Stedje kyrkje var i mellomalderen såkalla "fjordungskyrkje" - dvs. ei slags hovudkyrkje i sitt distrikt - sjå:
Mellomalderkyrkja i Sogn og Fjordane.
Ein stav eller søyle frå stavkyrkja er teken vare på ved Bergen Museum. Den har innskrifta: "Denne staven gav Sigrid Kvåle for Antors sjel og nåde for seg sjølv".
|
Teikning av gamle Stedje stavkyrkje sett framanfrå. (© Fylkesarkivet/Riksantikvaren) |
Portalen frå stavkyrkja er utstilt på Bergen Museum. Der finst også ein del av ei gamal lysekrune og eit epitafium, truleg frå tidleg 1600-tal.
To utskorne masker frå kapitela (søyletoppane) i kyrkja finst på
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, likeså kyrkjedør frå mellomalderen, eit udatert gamalt altar, og to udaterte messingstakar. Ein altardisk frå 1600-talet finst på Vestlandske Kunstindustrimuseum, og i Oldsaksamlinga i Oslo finst ei brurekrune frå nyare tid.
Gamle Stedje kyrkje var eigd av tre gardbrukarar på Stedje då den vart riven i 1867.
Etter Snorre skal Olav den heilage ha vitja Sogndal i 1023 for å kristne bygda, og han peika samstundes ut staden der kyrkja skulle byggjast. Teksten på runesteinen ved Stedje kyrkje kan tyde på det: "Kong Olav skaut mellom desse to steinane".