Kjende kyrkjebyggjarar frå Eid var Ole Olsen Løken (også nemnd Ola Olson Lid), Jakob og Gjert Rasmusson Lien, Jørgen Myroldhaug, Rasmus Nøstdal, Anders Karlsen og Ivar Nord.
I Sogn og Fjordane har Ole Olsen Løken bygd kyrkja på Nordfjordeid,
Norum kyrkje ved Slinde i Sogndal kommune og Bakka kyrkje ved Nærøyfjorden - den siste saman med Rasmus Nøstdal.
Gjert Rasmusson Lien
har bygd kyrkja i Davik saman med Jakob Lien, Stårheim kyrkje, Hornindal kyrkje , Nedstryn kyrkje, Kalvåg kyrkje saman med Rasmus Nøstdal, Selje kyrkje, Oppstryn kyrkje og kyrkjene Holsen og Haukedalen - begge dei siste i Førde kommune. Nordanfor fylkesgrensa bygde han kyrkjene i Fiksdal, Ørskog og Sunnylven.
Elles har Jørgen Myroldhaug bygd kyrkja i Bremanger, Rasmus Nøstdal kyrkja i Kalvåg saman med Gjert Rasmusson Lien, Jon Sefland Breim kyrkje, Anders Karlsen nyekyrkja på Gimmestad i Gloppen, og Ivar Nord Raudeberg kyrkje.