SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Sogndal:

Sogndal Sparebank

Sogndal Sparebank først i fylket

Sogndal Sparebank vart skipa i 1841 som den første sparebanken i i fylket, og den første bygdebanken på Vestlandet.

Publisert 24.03.2003 10:56. Oppdatert 12.06.2003 10:39.
Løytnant Nils Joa. Knagenhjelm. (©Fylkesarkivet)

Startkapital frå kornmagasin

Mykje av startkapitalen til Sparebanken kom frå sal av det gamle kornmagasinet i Sogndal. Dette magasinet var eitt av mange som vart bygd over heile landet i krigs- og naudsåra 1807-1814 for at bøndene skulle vere sikra såkorn. Liknande kornmagasin la grunnlaget for skiping av Nordfjord Sparebank og Lærdals Sparebank noko seinare.

Dokter Chr. A. Stang.

Overklassen styrde og rådde

Opptaket til Sogndal Sparebank vart gjort av prokurator og ordførar Fredrik Christian Juell. Første styreleiar vart distriktslege Chr. A. Stang (sjå også: Helsestellet i Sogndal). Juell var deretter styreleiar i banken frå 1844 til 1846. Juell var samstundes den klårt største innskytaren ved starten, då han sette inn 200 specidalar. Den nest største var løytnant Nils Joa. Knagenhjelm med 50 specidalar.

Flytta frå Fjøra til Kvåle

Sparebanken hadde kontora sine i skulehuset i Fjøra fram til 1866 då det
Prokurator Juell.
flytta til klokkargarden på Kvåle. Etter at det første kommunehuset var ferdig i Fjøra i 1883, flytta banken ned dit. Her sat kundane på eit ørlite venterom medan dei venta på tur i ekspedisjonsluka. Frå 1841 og heilt fram til 1917 heldt banken ope berre ein dag i veka. I 1956 flytta banken inn som leigetakar i det nybygde kommunehuset i Fjøra, og bygde eige bankbygg i 1966.

Strid om utlånsrenta

I bankstyret sat det gjennom heile 1800-talet berre folk frå overklassen i bygda.
Kring 1870 vart det uro mellom bygdefolket på grunn av den høge lånerenta på 6 prosent. Sogndølene hadde høyrt at andre sparebankar i Sogn heldt lågare rente, og mange truga med å ta ut sparepengane sine dersom ikkje Sogndal Sparebank gjorde det same. Sogndals Almueforening sette i 1871 fram skriftleg krav om at deira eigen bygdebank skulle setje ned renta. Men banken bøygde ikkje av for kravet før eitt år hadde gått.

Kamp mot konkurrent

I 1917 vart Landsbanken skipa, og i 1922 søkte denne om å få skipe filial i Sogndal. Dette skjedde etter at nokre sogndøler hadde oppmoda Landsbanken om det.
Sparebankstyret ville ikkje ha nokon konkurrent, og gjekk på det sterkaste imot at Landsbanken fekk filial i bygda. I bankrådet vart dei høyrde. Det kom ingen Landsbank-filial i Sogndal.

Inn i Sparebank1 Vest

I 1989 gjekk Sogndal Sparebank inn i Sparebank1 Vest. Banken held til i bygget som vart reist i 1966.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no