SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Sogndal:

Fabrikkar og verkstader i Sogndal

Fabrikklokala på Foss vart nytta til både ullvare- og fyrstikkproduksjon. (Foto frå 1880 © Fylkesarkivet)
Fabrikklokala på Foss vart nytta til både ullvare- og fyrstikkproduksjon. (Foto frå 1880 © Fylkesarkivet)
Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Publisert 24.03.2003 15:35. Oppdatert 05.01.2004 15:31.

· Matprodusentar i Sogndal

· Meieria i Sogndal

Sogndal Tændstikfabrik

var i drift frå 1855-1884, og vart starta av svensken August Sjøberg.

Sagbruk i Sogndalsdalen

Ole Nilssen Reppen starta sagbruk i Sogndalsdalen i 1880. Sonen Erik Reppen overtok i 1931. Saga vart driven av eit stort overvasshjul, og i sesongen på sommartid var opptil fire mann sysselsette med saging.

A/S Sognefjorden Uldvarefabrikk

Ullvarefabrikken vart starta i 1887 i dei tidlegare lokale til Sogndal Tændstikfabrik ved Sogndalselva.

Skreddarverkstad Rutle

Ola Rutle starta skreddarverkstad i Fjærland i 1895, og dreiv til han døydde i 1941. Då tok sønene Olav og Per Rutle over, og skipa verksemda om til aksjelag i 1948 under namnet O. Rutle L/L. Verkstaden sydde dressar og andre herreklede.

Bakeri ved Fossetunet

Johan Johannesen frå Vik starta landhandel og bakeri i Sogndal i 1904 ved Fossetunet: Familien dreiv til 1980-talet. Huset står framleis og huser frisør og sjåførskule.

Industriplanar på Nagløyri

I 1910 kjøpte grosserar Konow og andre Oslo-interesser store landområde på Nagløyri ved utløpet av Årøyelva. Dei hadde sikra seg fallrettane til Årøy-krafta i 1899, og gjekk med planar om å byggje kraftkrevjande industri og arbeidarbustader på Nagløyri. Dette vart ikkje noko av. Sjå: Årøykraft.

Sogndal Cementindustri L/L

var ein sementvarefabrikk som vart bygt på Ulvahaugen ved Dalavegen i Sogndal kring 1917.

Sogndals Trevarefabrikk

i Sogndal vart starta av Jon Vatlestad på Stedje i 1916. Den produserte innreiingsutstyr og likkister, sysselsette opptil sju personar og vart lagt ned på 1990-talet.

Smed i Fjærland

Martinus Mundal starta smedverkstad i Fjærland i 1918. Han hadde gått i lære hjå den kjende Aurlands-smeden Lars Jordal. Mundal produserte både vogner og andre gardsreidskapar, og dreiv også med kunstmiing av stålampar og lampettar. Sonen Georg Mundal gjekk også inn i verksemda.

Trevarefabrikk i Fardal

Johannes Steine starta i 1905 ein trevarefabrikk i Fardal, men flytta maskinene etter eit par års drift til Gulen, der han starta Dingen Tønde- og Trævarefabrik.

Stedje Handelsgartneri

på Stedje vart starta av Nils og Solrun Stedje i 1935.

Sykkelverkstad

Anders N. Lid starta reparasjonsverkstad for syklar i Sogndal i 1937, og etter handelsbrev i 1939 starta han også sal av elektriske artiklar og radioar, barnevogner, sportsutstyr og fiskesaker. Butikken vart lagt ned midt på 80-talet.

Båtbyggeri i Fjærland

Olav Vedvik frå Kvinnherad starta båtbyggeri i Fjærland i 1937. Han dreiv både med nybygg og reparasjonar, og kunne ta seg av båtar opp til 130 tonn. Han la ned verksemda kring 1960.

Kassefabrikken til Teigen

Leif Teigen starta kassefabrikk på "slakteritomta" i Sogndal i 1950. Verksemda hadde opptil 8 mann i arbeid i sesongen, og dreiv til 1970. Sidan har Teigen vore forhandlar av pappemballasje - særleg fruktkassar. I 1970 bygde Teigen to store hybelbygg.

Kaupanger Sagbruk og Høvleri

bygt i 1936 under Kaupanger Hovedgård.

Fjærlandsskoen

- sjå Fjærland Preserving L/L.

Magnus England

starta møbel- og trevarefabrikk på England i 1938. I 1948 flytta fabrikken inn i eige bygg i Fjøra og sysselsette opptil fire personar. Den produserte ulike møblar og dreiearbeid. Verksemda dreiv til fram på 1990-talet.

Sogn Auto A/S

vart starta i 1944 med Lars Ølnes som disponent. Firmaet bygde eigen verkstad og smørjehall like ved ferjeleiet ved Loftesnesundet (dette var før brua opna i 1958) og selde bilar og bensin, og hadde utkøyring av bensin og olje. I 1975 vart anlegget overteke av Måløy-firmaet Barmen og Lund - seinare Lund Auto AS - som sidan har drive bilforretning og verkstad.

Sogn Vulk & Bilservice

i Sogndal vart starta i 1945 av Odd Rude Johannessen og Svein Berge, like ved Solhov. Dei dreiv reparasjons- og vulkaniseringsverkstad og hadde fire personar i arbeid. Verksemda dreiv til kring 1980.

Aaberge Planteskule

vart starta på Åberge i 1949 av Guttorm Aaberge.

Hundershagen Sagbruk og Høvleri

Andreas Hundershagen starta i 1950 sagbruk i Kaupanger med produksjon av kasser og tønnestav. Sonen Odd Hundershagen tok over i 1971, og har spesialisert seg på spesialtømmer.

Sogna-Prent

vart starta i 1969 av Ingvar Moe. Sjå elles under avisa Sygnabladet.

Byggmeister Tore Hovland AS

vart starta i 1975 av Tore Hovland. Før det hadde han arbeidd på bygg og anlegg saman med faren Torstein Hovland. Firmaet har i 2003 åtte tilsette, og har m.a. hatt store oppdrag ved bygging av Sognahallen med tilhøyrande kontorbygg.

Lund Auto AS

frå 1975. Sjå Sogn Auto A/S i 1944.

Entreprenør Riksvold

dreiv på 1970-talet eit anlegg for ferdigbetong på Loftenes.

Kaupanger Snikkarverkstad

vart starta av dansken Ole Fredskild i 1982. Verksemda har spesialisert seg på kopiering og produksjon av bygningsdelar.

Sogneprodukter AS

- verna bedrift, starta på Kaupangerskogen i 1985.

Kaupanger Tre AS takstolfabrikk

vart starta i Kaupanger i 1985 av Odd Tufte og Johnny Tverberg. Dei første åra heldt fabrikken til i løa på Kaupanger Hovedgård. I 1990 tok verksemda i bruk eigne produksjonslokale på Kaupangerskogen. I 2002 sysselsette Kaupanger Tre AS 17-20 årsverk, og hadde ei omsetning på 19,5 millionar kroner.

Kaupanger Design Borgstova AS

vart starta av Judith Vestreim i 1986. Verksemda driv kunststøyping av kopiar av museumsgjenstandar i metall som finst på musea i Sogn og Fjordane. Støypemetodane er slyngestøyp og handstøyping, og ein kjend artikkel frå verkstaden er tomlingar - dvs. små drammekoppar i tinn.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no