I 1958 kjøpte
Kåre Navarsete den gamle butikken etter Nilsen-folket og dreiv daglegvarehandel under firmanamn Kåre L. Navarsete i omlag 10 år.
Ølneshuset blir K-senteret
I 1968 kjøpte Navarsete eit stort bustadhus - Ølneshuset - i Sogndalsfjøra, reiv det og bygde nytt, stort forretningssenter. Ved seinare utvidingar samarbeidde han med kjøpmann
Finn Geithus. K-senteret opna i 1969, og var den største daglegvarebutikken i Sogn og Fjordane med kring 20 tilsette.
Inn i storsenteret
I 1989 bygde Kåre Navarsete ved firmaet K-senteret og Finn Geithus nytt forretningsbygg på over 3.000 kvadratmeter vegg i vegg med Domus sitt varehus ved Gravensteinsgata. Det som Navarsete og Geithus ikkje nytta til eigne forretningar, vart leigd ut til andre forretningar, m.a. Sogndal Glasmagasin. Då Finn Geithus slutta som kjøpmann i 1986, overtok Kåre og sonen
Rolf Navarsete Geithus sin part i bygget og forretningane hans.
I 1998 vart dei to tidlegare bygga til K-senteret og Domus dei viktigaste elementa i eit nytt og utvida
Sogningen Storsenter.
I 1976 gjekk sonen
Rolf Navarsete inn i firmaet, og same året overtok K-senteret den tidlegare butikken til
Kristoffer Kristofferson Aarskog på Hermansverk. Den vart driven som filial til 1998, då Kiwi-kjeden tok over.
Frå same året vart K-senteret i
Sogningen Storsenter Eurospar-butikk.