|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Sogndal: Sogn Slakteri | Sogn Slakteri ved opninga i 1956. Foto frå albumet til Sogn Slakteri |
Sogn Slakteri i Sogndal vart bygt i 1956 av Vestlandske Salslag (VS) som det første store regionslakteriet i Sogn og Fjordane. Seinare kom Nordfjord Slakteri på Nordfjordeid i 1963, og Sunnfjord Slakteri i Førde i 1964. Publisert 25.03.2003 11:32. Oppdatert 23.01.2007 10:55.LYD OG VIDEO
Dei store regionslakteria avløyste fleire mindre og lokale slakteri som Vestlandske Salslag hadde bygt.
Sogn Slakteri vart utvida i 1961 og i 1970, og nytt fryseri kom til i 1979. Slakteriet spesialiserte seg etter kvart på produksjon av spekemat, og bygde eigne klimarom for modning av produkta.
| Slakteriet etter utvidinga i 1961. Foto frå albumet til Sogn Slakteri |
I 1986 hadde slakteriet 120 tilsette. I 1989 vart spekematanlegget selt til Gilde Norge ANS, og vart heitande Gilde Norge ANS Sogndal. I salet fylgde ei sentral tomt på 19 dekar med.
| Skjereavdelinga ved VS i Sogndal. (Foto: NRK) |
Produksjonsanlegget fekk ISO-godkjenning i 1993, og i 1995 vart anlegget godkjent for å drive eksport av spekematprodukt. Same året vart eit nybygg teke i bruk.
Sjå også Vestlandske Salslag i Førde.
| Tørke- og kjølerom ved Gilde i Sogndal. (Foto: NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|