SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Sogndal:

Nyare gjestgjevarar i Sogndal

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Publisert 25.03.2003 15:31. Oppdatert 18.01.2007 08:21.

Gunvordal hotell
- "jakthotellet" i Sogndalsdalen

Dei øvste gardane på sørsida av Dalsvatnet i Sogndalsdalen heiter Gunvordal. Her bygde gardbrukaren Nils Gunvordal i 1868 eit etter måten stort hotell.

Gjestgiveriet på Nytappen i 1870. (Foto © Fylkesarkivet)

Danielsens Hotell

var eit framhald av gjestgiveriet som låg på Nytappen eller Fossetunet, og låg på reina der ein køyrer ned til dampskipskaia.

Mundal hotell

Bygt i 1891 i sveitsarstil og m.a. utstyrt med eit staseleg verandabygg i det eine hjørnet, pryda med eit kjegleforma takspir. Før Hotell Mundal vart bygt, var det mange turistar som tok losji hos Mikkel Mundal som dreiv forretning ved kaia i Mundal, og i tillegg var første breførar i bygda.

Hofslund Hotell

I 1909 kjøpte ekteparet Peder J. Næss og Anna f.Tørvi frå Marifjøra det gamle gjestgiveriet på Hofslund av Ola Håkonsen.

Bjelles Pensjonat & Café

vart starta i Sogndal i 1910 av Torstein Bjelle. Kaféen og pensjonatet hadde fem gjesterom. Sonen Norvald Urdal Bjelle overtok i 1945 og dreiv kafeen og pensjonatet til 1960.

Steinarheim Kafé og Pensjonat

vart starta i Sogndal i 1932 av Olga Svedal. Den heldt til i eit vakkert gamalt hus like ved O. J. Skjeldestad bokhandel. Verksemda var i drift til byrjinga av 1970-talet. Huset vart rive på 1980-talet.

Fjærland Pensjonat

vart bygt av Jon Mundal i 1936 ved sjøkanten i Mundal. Pensjonatet vart utvida på 1950-talet og 1970-talet, og har 35 senger. I 1989 kjøpte Arne N. Løland pensjonatet. Ved eigarskiftet fekk pensjonatet namnet Fjærland Fjordstue Hotell. Hotellet held berre sommarope.



Lægreids hotell. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)

Lægreid Hotell AS

Lægreid Hotell i Sogndal sentrum starta i 1936 med at Anna og Magnus Lægreid tok til med kafédrift i bustadhuset sitt.

Husum Gjesteheim og Motell

- sjå historia om Amla-gardane.

Kjørnes Camping. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)

Kjørnes Camping

vart starta i 1950 av Torstein Kjørnes. Seinare er campingplassen overteken av Stadheim-familien, med Terje Stadheim som eigar i 2003. Campingplassen har i 2003 ni hytter og to leiligheter med til saman 40 senger, og 100 oppstillingsplassar for campingvogner og telt.

Stedje Camping. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)

Stedje Camping

starta på 1950-talet på garden Stedje - sjå: Storgarden Stedje.

Sognatun Kafé

vart starta i 1959 av Sogn Ungdomslag i det såkalla "Tårnhuset" i Fjøra.

Sogndal Hotell

Sogndal Hotell er i 2003 det største hotellet i indre Sogn, og vart bygt i 1962 på Bahus.

Park Minitell

vart starta i Sogndalsfjøra i 1967 med 23 senger, og vart seinare utvida med m.a. restaurantar og symjebasseng.

Vesterland Feriepark

Vesterland Feriepark på Kaupangerskogen er eit av dei største overnattings- og fritidssentra i fylket, med ein kapasitet på over 560 overnattingsgjester i tillegg til ei mengd aktivitetstilbod.

Fjærland Fjordstue Hotell

- sjå Fjærland Pensjonat startår 1936.

Quality Hotel Sogndal

- sjå Sogndal Hotell.

Selseng Holiday AS

ein feriepark øvst i Sogndalsdalen, vart starta i 2006 av Jarle Selseng. Anlegget vert på fleire feriehytter, og det er planar om byging av ei golfbane.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no