Frå det første påbygget i 1949 vart huset stadig utvida. Eit nabobygg som tidlegare husa
Sogns Tidend vart innlemma i pensjonatet. Dottera Alvhild Lægreid tok over pensjonatet i 1959 og dreiv det fram til sonen Atle Lægreid tok over i 1994. Det første bygget i betong vart reist i 1964, og dette har sidan vorte utvida fem gonger.
Høgskulen leigetakar
Frå 1976 vart den nystarta distriktshøgskulen ein stor leigetakar i Lægreid Hotell. Her var det også at den første nærradioen i Sogn og Fjordane, Radio Gravenstein starta i 1983 (sjå:
Aviser og media i Sogndal). Høgskulen flytta over i Fossetunet 3 i 1985.
Frå 1993 til 1996 vart mykje av Lægreid Hotell nytta som hybelbygg for studentar.
I 2003 vart heile bygget modernisert. og har 40 rom med 110 senger.
Lægreid-kjellaren
"Lægreid-kjellaren" var ein populær samlingsstad for rockeinteresserte på 1980- og 1990-talet. Her kom både nasjonalt og internasjonalt kjende artistar for å halde konsert.