|
(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Vesterland Feriepark på Kaupangerskogen er eit av dei største overnattings- og fritidssentra i fylket, med ein kapasitet på over 560 overnattingsgjester i tillegg til ei mengd aktivitetstilbod. Totalt dekkjer bygningane i 2003 eit areal på vel 10.000 kvadratmeter.
Ferieparken vart starta i 1981 av
Erik Flåten. Anlegget hadde frå starten 46 doble utleigehytter.
Kafé og pub
Flåten bygde kafé i 1986 og utvida med pub i 1988. I 1995 kom 60 nye hyttehusvære, og i 1998 eit velferdssenter. I 2002 vart det bygt ein fleirbrukshall på 1.550 kvadratmeter.
Mangfaldig tilbod
Senteret inneheld forutan hytter, konferanserom og restaurantar også ein daglegvarebutikk, treningsstudio, squash-hall, symjebasseng og barnebasseng, fysioterapi og solarium. I ein eigen "kunstallé" har Sogndal Kunstlag faste utstillingslokale.
Konkurs i 2005
Den samla investeringa fram til 2003 ligg på kring 100 millionar kroner. Frå 2000 overtok sonen Arne Glenn Flåten som dagleg leiar. I 2005 vart deler av Vesterland-anlegget slege konkurs med ei gjeld nær på 30 millionar kroner, og ei privat investorgruppe overtok.
Strand og golfbane
I 1995 kjøpte Arne Glenn Flåten garden Eskestrand med tre kilometer strandline sør for Stedje gard. Her er det bygt ut 9-hols golfbane, og planen er å utvikle eit feriesenter i området. Flåten-familien disponerer også ei hytte på 400 kvadratmeter i Sogndalsdalen som vert leigd ut til ulike samankomstar.