Sjølv om Sogndalsfjøra var største tettstaden på nordsida av Sognefjorden tidleg på 1800-talet, så fortel det likevel noko om kor låg status strandsitjarstaden hadde som "handelsstad" då det i 1840 skulle vurderast kvar ein framtidig by i indre Sogn burde liggje.
Då var det Kaupanger - og ikkje Sogndal - som vart teke med i utgreiinga:
Etter skriveri i Oslo-avisa Morgenbladet og oppmoding frå Lærdal kommunestyre i 1839 om at Lærdaløyri måtte få bystatus, sette Stortinget ned ein komite som fekk i
oppdrag å finne ein høveleg stad for ein by i indre Sogn.
Avisinnlegg
Ein av dei som argumenterte for ein by i Sogn, var den seinare professoren og stortingsmannen Ludvig Christensen Daae. I innlegg i "Morgenbladet" argumenterte han m.a. for Lærdalsøyri og andre nye "Kjøbsstæder" som motvekt mot handelsdominansen frå dei store byane.
Fleire stader vurderte
I Stortinget tok sogndølen
Mons Eggum opp framlegget om kommisjonen, som m.a. fekk med seinare amtmann
Michael Conrad Sophus Emil Aubert som medlem. Kommisjonen vurderte byplassering i Skjolden, Kaupanger og Årdalstangen også, men gjekk i 1840 samrøystes inn for Lærdalsøyri. Om Årdalstangen sa kommisjonen at staden ikkje i noko tilfelle kunne kome på tale . "efterdi det er blottet for Communication med Fastlandet, med gode Landeveie, og Havnen ved Meniis er berøvet Forbindelse endogsaa med Havet".
I 1842 gjekk regjeringa inn for at Lærdalsøyri skulle bli by samstundes med Haugesund og Namsos. Men Stortinget avviste alle framlegga då, og sidan kom ikkje tanken om by i indre Sogn opp att.