Gjøde utvida Kaupanger-garden mykje, og har fått "hovudæra" for at godset etter kvart talde 60.000 da., av dette 50.000 da. skog. I dag er godset på 50.000 da., av dette vel 200 da. innmark.
Fekk jord som takk
Segna seier at Christian IV som takk for Gjøde Pedersen sin innsats under Kalmar-krigen, let han få så mykje jord i Kaupanger som han greidde å ri rundt på ein dag.
Den meir sannferdige soga er at han utvida godset ved å ta ikringliggjande gardar i pant. Dette galdt m.a. Amla, Hovland, Olstad og Vangestad. I 1608 fekk han ved makeskifte også hand om storgarden Stedje.
Dobla eigedomsverdien
Då Gjøde Pederssøn selde Kaupanger-godset til Iffuer (Iver) Wind i 1636, hadde godset dobbelt så stor skyld som det hadde då Gjøde Pederssøn fekk hand om det i 1606.
Verste futen
Gjøde Pederssøn er - så langt det er kjent - truleg den verste danskefuten som har styrt i Sogn og Fjordane. Med knep, svindel og rå makt slo han under seg store eigedomar og andre verdiar. Han vart også skulda for eit par drap då kan rømde frå alt i 1611.
Kom tilbake
Men han dukka opp att i i 1627, tok tilbake eigedomane sine, vart fut på nytt og får forlating for det meste av det han var skulda for.
· Les meir om den råbarka og fargerike futen:
Gjøde Pederssøn