SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Øvre Amla som bustad for amtmannen

Øvre Amla kring 1880. Omlag slik såg det ut på garden då Hans Knagenhjelm Heiberg kom att frå militærteneste.  (Foto © Fylkesarkivet)
Øvre Amla kring 1880. Omlag slik såg det ut på garden då Hans Knagenhjelm Heiberg kom att frå militærteneste. (Foto © Fylkesarkivet)
Etter at Michael Falch og kona Mette Marie Heiberg på 1720-talet hadde samla dei store eigedomane i Øvre Amla, heldt dei fram med å sanke jordisk gods. Dei sat også som eigarar av to store sagbruk på sjølve garden og eit par sagbruk i Vindedalen ved Lærdal. Dei slo også under seg ein mengd gardar elles i Sogn.

Publisert 10.04.2003 12:55. Oppdatert 12.06.2003 21:37.
I 1741 får Michael Falch ein tittel å pynte seg med: Han vart "Commerce Raad" - ein rangtittel utan reelt mynde knytt til.
Etter Michael Falch overtok sonen Melchior Falch i Øvre Amla, men leigde godset vekk medan han sjølv var sorenskrivar på Sunnmøre. Ein av dei som leigde her, var den andre amtmannen i Nordre Bergenhus Amt - Magnus Theite - som var amtmann frå 1771 til 1779, då den 60 år gamle Melchior Falch flytta heim til Øvre Amla.

Hovudhuset (t.h.) og tunet på Øvre Amla. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)

Store eigedomar i Årdal

Ein av sønene som seinare overtok, heitte også Melchior Falch (1768-1849). Han var utdanna offiser og var m.a. løytnant i Strynske Compagnie frå 1794 til 1797 - sjå: Krigshistoria i Stryn. I 1795 kjøpte han garden Indre Ofredal ved Årdalsfjorden med store skogvidder til og dreiv sagbruk der. Han kjøpte også Kvitingsmorki i Årdal. Han var eigar av Øvre Amla etter broren frå 1810 og til han døydde.

Heim til ribba hus

Den neste eigaren i Øvre Amla vart no Hans Knagenhjelm Heiberg, som var fostra opp av Melchior Falch. Han var etla til å ta over garden, men var berre 17 år og umyndig då Melchior Falch døydde. Difor måtte det oppnemnast verje fram til Hans vart myndig.
Lensmann Johan Christian Jersin.
Dei som vart verje for Hans Knagenhjelm Heiberg, var lensmann Johan Christian Jersin på Nedre Amla og jordbruksskulestyrar Lars Westrem. Sjølv gjekk Heiberg på denne tida Krigsskulen.

Men medan den unge Hans var austafjells på militærteneste, skjedde det dramatiske ting på garden i Øvre Amla:
Mora hadde no gifta seg opp att, og fått fleire born. Då Hans kom heim for å overta garden i 1852, møtte han eit ribba hus. Dei andre arvingane hadde forsynt seg med det meste: Sølvsaker, lysekruner, møblar - og til og med ei mengd familieportrett - var spreidde for alle vindar.

Hovudside:
· Amla-gardane


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no