|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Sogndal: Folk frå Amla dreiv Grønlands-handelPå 1700-talet var det fleire medlemer av dei velståande slektene Klingenberg, Falch og Heiberg i Amla som reiste til Grønland for å drive handel. Publisert 10.04.2003 14:52. Oppdatert 10.04.2003 15:21.Ny-koloniseringa av Grønland starta i 1721 då presten Hans Egede frå Lofoten reiste over med tre skip og eit fylgje på 40 personar.
Fanatisk sektDen første som reiste frå Amla var Peder Klingenberg, som var assistent på kolonien Godthaab (Nuuk) frå 1729 til 1731. Else Marie Amble (1715-1805) som var gift med ein prest frå Vesterålen, reiste også på denne tida. Seinare reiste Michael Falch til Grønland og dreiv handel frå 1788 på kolonien Sukkertoppen. I denne tida kom han i konflikt med ei fanatisk religiøs sekt av innfødde som m.a. skulle ha drepe fleire personar. Det religiøse svermeriet hadde fått dei innfødde inuittane til å flytte frå dei faste buplassane sine. Falch fekk oppgåva med å sende dei tilbake der dei kom frå slik at dei kunne ta opp att fangst og fiske. Då han i 1791 skulle avløysast som kolonistyrar, omkom dei fleste av mannskapet som var sendt for å hente han.
Fleire kom etterSeinare drog prestesonen Edvard Christie Heiberg til Julianehaab på handel, og etter ei tid fekk han to av brørne over til å hjelpe seg.
I 1806 drog ekteparet Ingeborg Marie Heiberg frå Amla og Christian Fredrik Fleischer frå Loftesnes som misjonærar til Grønland. Her var dei i teneste til 1812.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|