Det store gardstunet låg like ved elva, litt opp frå sjøen. Til garden høyrer dei verdfulle laksrettane i Årøyelva - sjå:
Laksefisket i Årøy. Denne elva vart også kalla Ølneselvi i gamal tid. På 1600-talet var det m.a. eit fut i Bergen som rådde over laksefisket i elva.
Munthe-slekta i Årøy starta med futen Christoffer Giertsøn Morgenstierne kring 1640. Han budde først på storgarden Kvåle/Rutlin i Sogndal, og var gift med ein kvinne frå Heiberg-slekta - sjå:
Storgarden på Kvåle.
Då ho døydde, flytta Christoffer Giertsøn til garden
Flahamar i Luster. Her gifta han seg andre gongen med Bergitte Ludviksdotter Munthe (f. 1634). Etterkomarane deira både i Sogn og Sunnfjord kalla seg sidan Munthe. Vi finn dei som rikfolk og store jordeigarar m.a. i Hellevik ved Dalsfjorden (sjå:
Munthe-slekta frå Luster til Hellevik) og i
Kroken i Luster.
Fleire av sønene til futen Christoffer Giertsøn Morgenstierne og kona Bergitte Munthe vart prestar. Ein av dei vart prest på Hafslo, og gift inn i den rike Ørbech-familien.
Det var ein av dei ti borna til dette presteparet på Hafslo som kring 1740 overtok Årøy-garden. Garden var komen inn i slekta frå Ørbech-sida. Den første Munthe i Årøy heitte Ludvig Munthe (f. 1717).
Elles spreidde slekta seg med tida som prestefolk og militære til mange bygder i Sogn. Etter Ludvig Munthe overtok eldste sonen Christoffer Munthe (f. 1751) i Årøy. I 1788 vart han løytnant i Sogndalske Compagnie - sjå:
Ekserserplass i Sogndal.