SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Laksefisket i Årøy

Årøy ca 1910. Midt på biletet
Årøy ca 1910. Midt på biletet "engelskhuset" som lord Hargreaves bygde i 1906. Foto: Einan
Årøyelva er den korte og fosserike elva som kjem frå Hafslovatnet og renn ut inst i Barnesfjorden.

Publisert 11.04.2003 10:01. Oppdatert 23.01.2007 10:14.

Kjempelaksen i Årøyelva

Frå Helvetesfossen og opp til Hafslovatnet er elva så godt som turrlagt av kraftregulering, men den 700 meter lange Årøyelva nedanfor kraftstasjonen er kjend som ei av dei beste lakseelvane på Vestlandet. Den strie straumen er truleg grunnen til at det har avla seg fram ein spesielt kortvaksen og kraftig laksetype.

Tre år i sjøen

I 1910 oppdaga forskarar at ein grunn til storleiken på Årøylaksen var at den hadde vore tre år lengre i sjøen enn det som var vanleg for andre laksestammar. Før ein vart meir merksam på verdien av å avle på lokale laksestammar, vart yngel frå Årøy brukt som setjefisk i fleire elvar på Vestlandet.

Årøy klekkeri. (Foto: Dag Harald Kvammen Andersen)
På austsida av elva var det proprietær (jordeigar) Christoffer Hartvik Munthe (1838-1925) som rådde over fiskeretten. Alt i 1857 vert det nemnt at det var bygt klekkeri på garden, og Munthe tok til å leige ut fiskeretten frå 1867.

Kongelege og andre rikfolk

Det eksklusive fisket etter kjempelaksen i Årøyelva har sidan midten av 1800-talet vore reservert dei som kunne betale best for seg. Her har både kongelege, adelege og rikfolk frå heile verda fiska. I 1906 fiska m.a. den britiske kongen i elva. Frå 1921 vart fiskeretten leigd ut til den siste finansministeren til tsaren i Russland, Nicholas Denisoff.

34 kilos laks

Den største laksen som er teken i Årøyelva vog nesten 34,1 kilo og vart fiska på 1990-talet av den eksentriske briten Wilfred Burton Rowley Kennedy som budde på Bahus i Sogndal. På 1930-talet vart det fiska ein laks som vog 32,1 kilo, og i 1941 ein på 31,8 kilo.

Sitjenotfisket

I Barsnesfjorden utanfor Årøy har mange bønder hatt gode ekstrainntekter på laksefiske med sitjenot og krokgarn. Berre på Barsnes var det ei tid fire kilenøter i drift.
I Sogndalsfjorden utanfor var det også mange kilenøter, og aust for Fimreite var det sitjenøter i Haugeviki og Hønsadn. Aust for Tingastad var det to sitjenøter i Holm.
Elles er det kjent at det frå tid til anna kan vere eit svært godt aurefiske ved Meisaneset like aust for Fimreite. Her kan folk som driv dorgefiske med båt gjere gode fangstar.
På slutten av 1800-talet vart laksefisket lovregulert m.a. med fredingstider, og kvart distrikt fekk sitt laksestyre. Sogndals-lensmannen Nils Landmark Lem vart den første formann i Sogn laksestyre frå 1894 til 1909.

Førre side:
· Munthe-garden i Årøy
· Nagløyri
Hovudsider:
· Adels- og embetsgardar på rekkje og rad


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no