Hans Paludan Smith Schreuder (1817-1882) fødd på Kjørnes i Sogndal som son til sakførar, seinare fut Otto Schreuder. Prest og misjonær.
Flytta saman med foreldrene til Farsund i 1832, og vart cand. theol. 1841. Vart den første norske misjonæren i Afrika då han ved nyttårsskiftet 1843 kom til Sør-Afrika som misjonær for Det Norske Misjonsselskap, skipa 1842. Han tok til å arbeide som misjonær mellom zuluane i 1850 og grunnla saman med to andre misjonærar den første misjonsstasjonen Empangeni.
Laga zulu-ordbok
Schreuder laga ordbok med 3.000-4.000 ord og arbeidde ut ein gramatikk for zuluspråket, trykt i Oslo i 1850. Han omsette delar av Bibelen og gav ut ei lesebok på zuluspråket.
Under ein tur heim i 1866 vart han vigsla til biskop av "Den norske kyrkja si misjonsmark".
Laga sin eigen misjon
Etter ei konflikt med misjonsselskapet i 1872 braut Schreuder ut og dreiv sidan sitt eige "Den norske kirkes misjon ved Scheuder" - også kalla "Schreudermisjonen".
Minnesmerke i Afrika og Sogndal
Hausten 1915 vart det reist eit minnesmerke over misjonærpioneren på grava hans i Untunjambili i Natal. Også i fødebygda Sogndal vart det reist ein minnestein over Schreuder i 1992 ved Stedje kyrkje. Ved barndomsheimen på Kjørnes er det sett opp ei minneplate.
I 2003 gav
Øystein Rakkenes ut "Himmelfolket. En norsk høvding i Afrika" (Cappelen forlag) om Hans Paludan Schreuder.