Ho var dotter av sakførar
Jonas Lund. Gjennom slektsband på morssida vitja ho ofte Munthe-garden i Ytre Kroken i Luster, der ho hadde omgang med kunstnarar. Ho flytta frå Sogndal til Bergen 17 år gamal.
Arbeidde som forfattar, bokmeldar i Bergens Tidende frå 1884, og omsetjar.
Ho vart medlem av nynorsklaget Vestmannalaget i Bergen og sterkt oppteken av målreising og dialektar. I 1888 gav ho ut "Staaveprat" - ei fri omarbeiding til sognamål av nokre forteljingar av den svenske forfattaren Henrik Warnér. Desse gav ho ut på nynorskforlaget til
Mons Litleré. Også "Smaoe skjeldringa" gav ho ut på sognamål i 1897 (Aschehoug), same året som dei også kom ut på bokmål. Ho gav ut forteljingsamlinga "Kløver og Klunger" i 1902.
Ho vitja årvisst Fjærland, og i 1907 vart det reist ein minnestein over Bolette Pavels Larsen i Fjærland. Etter flytting står den no ved Fjærland skule.
Ho og ektemannen Ole Johan Larsen (1845-1928) donerte ei stor boksamling til Bergen Museum.
Syster til
Hartvig Kaas Munthe Lund), og gjennom slektsband på morssida til Ytre Kroken i Luster syskenbarn til kunstmålar
Gerhard Munthe (1849–1929) og forfattaren Margrethe Munthe (1860–1931) frå Elverum.